Montering av PIT antenner og merking av villsmolt. 1


For å kunne merke villsmolten må der først fangast, det vart gjort ved elektrofisking. Elektrofiske går føre seg ved at ein fiskar berar apparatet på ryggen, og ledar 1500 V pulserande likestraum ned i vatnet via kablar og ei handheldt stang/sonde. Fisken som kjem inn i spenningsfeltet slåast i svime lenge nok til at den kan håvast opp i ei bøtte med vatn. Fiskane vert så samla i eit bur som står i elva til dei vert merka og slept fri.

Elektrofisking, berre store nok fiskar blir samla inn i buret for merking. Bilde: Personleg arkiv.

Den fanga villsmolten blir bedøvd, merka, målt, registrert, og slept fri. Bilde: Personleg arkiv.

Lagar eit lite kutt på magen, og dyttar PIT merke forsiktig inn. Bilde: Personleg akriv.

For å registrere den merka fisken trenger ein eit antennesystem. Flytande antenner vart brukt i denne elva sidan den er djup og brei, og smolten ligger nært overflata i hovudstraumen i elva når den vandrar ned elva.

Montering av flyteantenner. Bilde: Personleg arkiv.

Tilkopling av straum, og kontrollsjekk at antennene verkar. Bilde: Personleg arkiv.

Flyteantennene som er plassert i hovudstraumen i elva. Bilde: Personleg arkiv.


Legg igjen en kommentar til Gaute Velle Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Montering av PIT antenner og merking av villsmolt.