Takk for denne gong Sognefjorden


No er eg på plass hjå Artsdatabanken i Trondheim for å jobbe vidare med Sognefjordprosjektet. Eg har blitt teke godt imot og fått eigen kontorplass i NINA-huset, omkransa av Lerkendal stadion og Gløshaugen.

Min kontorplass hjå Artsdatabanken

Min kontorplass hjå Artsdatabanken


Artsdatabanken er ein statleg organisasjon som skal formidle kunnskap og informasjon om t.d. artar og naturtypar i Noreg, slik at t.d. dei som driv med forvaltning skal lett kunne finne relevant informasjon.

Her finn ein m.a. biologar som jobbar med mykje forskjellig innanfor biologi, slik som t.d. taksonomi, systematikk og artskunnskap.

Informasjonen får Artsdatabanken gjennom ulike prosjekt ved forskingsinstitusjonar og naturvitskaplege universitetsmuseum. Eit av desse prosjekta er eit pågåande artsprosjekt som har ambisjonar om å kartlegge alle fleircella artar i Noreg. Her inngår også Sognefjordprosjektet som eg har jobba med denne praksisperioden.
Artsdatabanken vil med andre ord gjere informasjonen som blir tileigna gjennom ulike prosjekt tilgjengeleg, slik at eg og du kan finne fram til naturtypar og artar, og boltre oss i info om levestad, levevis, funnstadar og systematiseing m.m. -Ein godtepose for biologar!

20151217_085254

Raudlista for artar kom i november i år ut i ny utgåve

I tillegg er det Artsdatabanken som gjev ut Raudlista for artar, ei liste over artar i Noreg som er trua eller står i fare for å døy ut og forsvinne frå den norske faunaen. I november i år kom det ut ein ny versjon av denne lista. Dei tilbyr også ein kunnskapsbank på sine nettsider, der ein kan søke opp ulike artar og finne informasjon om desse. Som du sikkert forstår har Artsdatabanken mange jarn i elden og det er kjekt å få innblikk i korleis og kva dei jobbar med gjennom praksis hjå dei.

 

 

Bilete av Calocarides coronatus frå Sognefjorden skal inn på nettsidene til Artsdatabanken

Bilete av Calocarides coronatus frå Sognefjorden skal inn på nettsidene til Artsdatabanken

Det eg skal gjere er å klargjere bilete med bilettekst av artar i Sognefjorden for innlegging i databasen til Artsdatabanken. I tillegg vil eg skrive litt om korleis det var som bachelorstudent å vere med på videotoktet i Sognefjorden.

Gjennom heile denne praksisperioden har eg fått vore med på heile »prosessen» i prosjektet der eg har vore med på tokt og henta inn materiale i form av videoar frå havbotnen, labarbeid der eg grovsorterte botnprøver, og skal no jobbe med å gjere den kunnskapen om artar og habitat i Sognefjorden tilgjengeleg for folk gjennom Artsdatabanken.
Som biolog har ein med andre ord eit hav av moglegheiter for kva ein kan jobbe med.

No går 2015 mot slutten og det gjer også BIO298 for min del. Det har vore både kjekt og interessant, samstundes som eg har fått innsikt i kva for jobbar ein som biolog kan ha. Ein vellukka praksis med andre ord! Mine forventningar for denne praksisperioden var i hovudsak at eg ville få innsikt i ulike arbeidsoppgåver ein biolog kan jobbe med, og desse forventningane har praksisen utan tvil innfridd. Eg har t.d. vore med å innhente, bearbeide og no gjere informasjon frå Sognefjordprosjektet tilgjengeleg for vidare nytte.
Undervegs gjennom denne praksisen har eg som nemnt i tidlegare blogginnlegg sakna meir spesifikk kunnskap om dei ulike dyregruppene som eg har vore borti gjennom dette prosjektet. På ein måte er vel det forståeleg, då eg er bachelorstudent og enno ikkje har spesialisert meg i eit felt. Labarbeid er noko eg har vore borti før, då eg sjølv har teke fleire fag med larbratoriekurs, samt at eg har jobba som labassistent i BIO101 ved Universitet i Bergen.
Når det gjeld mine tankar rundt det å jobbe som biolog, så må eg ærleg innrømme at praksisperioden har opna augene mine for kor mange moglegheiter det faktisk finnast for oss ute på arbeidsmarknaden. Når ein går rundt i gongane på universitet er det lett å tenkje at dei einaste vegane å gå er forsking eller undervisning, men gjennom praksisen har eg funne ut at det er jo langt ifrå alt! Biologar trengs jo til så mangt og dei spelar ei viktig rolle i samfunnet. 

Om det finnast nokre biologistudentar som ikkje veit kva for fag ein skal fylle frie studiepoeng med, eller vil ha eit praktisk avbrekk i ein ellers så teoretisk kvardag vil eg varmt anbefale BIO298.

Så tusen takk for meg, både til Sognefjordprosjektet, Artsdatabanken og BIO298 🙂

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *