Kvalitetssjekk av epler for APPLECORe i Lofthus


Mitt namn er Elin og eg går 3. året på ein bachelor i biologi. Prosjektet mitt i BIO299 er APPLECORe, som er leia av NINA med ulike samarbeidspartnerar: NORCE, NLR (Norsk Landbruksrådgivning), NIBIO og Universitetet i Bergen og Essex. Det går ut på å undersøke ulike faktorar sin påverknad på kvaliteten av eplesortar, spesielt då type pollinatorar og pollensamansetjing. For litt sidan tilbragte eg to dagar på NIBIO sin forskingsstasjon i Ullensvang, ein time unna Voss, for å utføre kvalitetssjekking av epla dei har hausta inn frå felt. Her finst det fruktgardar omtrent så langt auget kan sjå, så det er ikkje rart at APPLECORe har delar av forsøksfeltet sitt her.

Området som APPLECORe har brukt for dyrkinga av epla ligg opp i fjellsida ved Hardanger folkehøgskule. Nedst eller øvst på nokre rader med epletre finst det gjerne ein støvsort på enden av rekka, for å gi meir genetisk diversitet i pollen-innsamlinga (sortane må vere kompatible). Planting av ein støvsort som er tidlegare blomstrande kan vere fordelaktig for å få humler og bier aktive i det området før blomstringa av dei eigentlege epletrea som skal bli innhausta.

Epla denne sesongen modna tidlegare enn vanleg fordi Vestlandet har hatt ein god og varm sommar, og eg kom derfor litt for seint for innhausting av epla her i området. Eg fekk likevel vere med på kvalitetssjekk av dei epla som vart hausta inn.

Prøvene er på 10 eple kvar. Kassene blir merka grundig med sort, lokasjon/prosjekt, innhaustingsdato, modningsgrad og anna relevant informasjon.

Kvalitetssjekken føregår slik:

Steg 1: Sjå på grunnfarge. Ved hjelp av eit fargekart med tal 1-9, talsette vi kor grønt eller gult den lysaste fargen (grunnfargen) på eplet var, der 1 var heilt grønt og 9 varmt gult.

Steg 2: Sjå på dekkfarge. Her brukte vi også ein skala på 1-9 der vi talfesta kor raudt eplet var, der 9 er heilt raudt.

Steg 3: Måle vekt med nøyaktigheit på 3 desimaltal.

Steg 4: Måle DA-verdi, som er ein verdi på kor langt utviklinga på eplet er på veg som ein kan måle med eit spesielt laserinstrument. Dette talet låg på mellom 0 og 2.

Steg 5: Måle fastheit. Vi brukte eit instrument som trykte ned med ei viss kraft på eit avskrella område på både sol- og skyggesida av eplet for å gi ein middelverdi av fastheita til eplet.

Steg 6: Stive-analyse. For å finne ut kor mykje stive som er i kvart eple, dyppa vi eine halvdelen i jodløysing. Jod reagerer med stive og fargar det ein mørk blå farge. Ut ifrå farginga som kom fram etter ei lita stund, talfesta vi kor mykje stive dei innehaldt, igjen med ein skala på 1-9 der 1 er veldig mykje stive og 9 nesten ingenting.

Steg 7: Sukker og syre-analyse. Dette gjorde ikkje vi sjølv, men sendte vidare epleskiver til laben i merka posar. Det vart også sjekka for syre-innhald av juicen som vart pressa frå epla.

Steg 8: Måling av etylengass. Ved hjelp av ein lukka boks med epla inni og ein slange som gjekk til eit måleinstrument, målte vi kor mange milliondelar (ppm) etylengass epla slapp ut. Dette vart gjort ved ulike temperaturar; 4 eller 2 grader. Dette talet var på omkring 40-60 ppm per 3,5 kg eple som sto i 2 timar med lokk.

Det var nokre lærerike dagar på Lofthus, og eg ser fram til å fortsetje med prosjektet! Framover skal eg jobbe med artsidentifisering av bier og blomsterfluger fanga i APPLECORe sine felt, sidan vi skal sjå på samanhengen mellom frøutvikling og pollensamansetjing.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *