Første dag i Otolitt labben 1


Hei,

Mitt namn er Malene og er går femte semesteret på bachelor i biologi. Min BIO299-oppgave omhandlar å gjennomgå informasjon om tidlegare førekomst og størrelse fordeling på uer arten blåkjeft (‘Helicolenus dactylopterus’). Namnet til denne arten viser til den blåsvarte fargen i munnhulen og gjellelokka. Ein kan finne blåkjeft i vannlag frå 150 til 800 meter, og den er utbredt i store deler av Atlanterhavet frå Vest-Afrika til Nord-Norge. Dette er ein art som er lite forska på i Noreg men det er teikn som tydar til at arten er blitt meir vanlig i norske farvatn i seinare år. Dei siste 20+ åra er det blitt samla inn data frå bunnfisksamfunn mellom Fedje-Shetland gjennom undervisningstokt ved UIB (BIO102 og BIO325). Den siste veka har eg gått gjennom desse dataene for å samle inn førekomst og størrelsesfordeling av blåkjeft i dette område frå 1999 til 2021. Desse dataene viser kor mange blåkjeft som blei fanga på kvar enkelt stasjon kvart år samt lengda til kvar fisk. Denne lengde dataen håper vi at ein kan knytte til alder ved å analysere otolittane til blåkjeft fiskane som blei fanga ved årets tokt.

Onsdag 8. september kom fisken frå årets tokt inn der det blei fanget 251 blåkjeft. På torsdag, etter fisken hadde fått tint ein dag, begynte arbeidet på labben med 42 fisk frå den fyrste stasjonen. Resten av fisken frå årets tokt ligger i frysen på vent. Alle fiskene blei lengde og vekt målt før otolittane blei tatt ut og markert, samt fisker over 15 cm blei kjønnsbestemt.

Det var stor variasjon i individ storleiken som ein kan sjå på bilde 2, der den største fisken på denne stasjonen var 37,2 cm mens den minste var 6,6 cm. Otolittane blei tatt ut ved å skjære eit snitt dorsalt på hovudet til fisken som sett i bilde 3, på bilde 4 kan ein sjå plasseringa av otolitten. Alderen på fisken kan ein finna ut ved å studere otolittane på omtrent same måte som ein kan lese årringar på eit tre, dette kjem det eit nytt blogg innlegg om seinare i haust.

Det har vert svært kjekt og lærerikt å kunne få jobba på labben igjen etter litt over eit år med digitale førelesningar og labber. Gleder meg til å jobbe vidare med dette i haust!

Malene

 

Bilde 1: Otolitt labben

Bilde 2: Variasjon i størrelse på individa

Bilde 3: Snittet som ble kuttet for å få tilgang til otolittane

Bilde 4: Rød ring viser posisjon til venstre otolitt.

Bilde 5: Gonader til to store blåkjeft av ulike kjønn. Til venstre er hannelig gonade og til høyre er hunnelig gonade.

Bilde 6: Brett med otolittane frå stasjon nr.241


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Første dag i Otolitt labben