Alder lesing av otolittar


Hei,

Dette blogg innlegget er ein fortsetjing frå forrige, du kan lese det fyrste innlegget her dersom du ynskjer å veta kvar otolittane kom frå :

https://biopraksis.w.uib.no/2021/09/22/forste-dag-i-otolitt-labben/

Etter otolittane blei tatt ut av blåkjeftane på labben, sjå forrige blogginnlegg, var det tid for å lese av alderen på dei. Alder på fisken kan bli bestemt på mange ulike måtar ved å for eksempel bruke bein, skall, otolittar eller finne strålar. Den metoden som er sett på som den mest nøyaktig er avlesing av otolittar. Alder blir lest av otolittane på omtrent same måte som ein les av alder på eit tre ved å studere årringane. Dette kan gjerast ved å anten lese otolittane heile eller ved å ta eit tverrsnitt av otolitten.

Bilde 1: Oppsettet i otolitt labben til avlesing av otolittar.

I dette prosjektet blir alder lest av heile otolittar under mikroskop, sjå bilete 1. Det blei tatt tre ulike bileter av kvart otolitt par, sjå bilde 2. Fyrste bilde blei tatt av tørre otolittar, i andre bilete vart otolittane overeksponert og tredje bilete vart otolittane senka ned i vatn.

Bilde 2: Otolittar frå individ nummer 25 frå stasjon 226, 2021. Frå venstre; tørre otolittar, overeksponerte otolittar og otolittar som ligger i vann.

Det overeksponerte bilete kan bli brukt til å måle omkrins, bredde og lengda på otolittane, dette kan bli brukt til seinare studiar av arten. Ved å senke otolittane ned i vatn gjer det det enklare å sjå alder ringane på otolittane.

Kvar otolitt som blei lest av alderen på blei også gitt ei rangering på kor sikkert ein var på alderen, denne rangeringa gjekk frå 1-4 der 4 var den høgaste. Nokre otolittar kunne være vanskelig å lese av grunna ‘falske’ sonar. Desse ‘falske’ sonene kan komme av at det har vært endringar av vekst og/eller miljøendringar innan ein sesong. På bilde 3 kan ein sjå korleis alderen vart estimert, dette otolitt paret var bestemt at alderen var 5 år med ein rangering på 4. I tillegg til bilete blei vekta tatt av kvar otolitt, både høgre og venstre separate, slik at det kan bli brukt til seinare studiar av arten.

Bilde 3: Otolittar frå individ nummer 98 frå stasjon 226, 2021. Lengda på fisken var bestemt til å være 5 år med ein rangering på 4.

I samband med lengdemål av individet kan alder avlesinga av otolittane bli brukt til størrelse-ved-alder anslag av blåkjeft i dette området. Størrelse-ved-alder seier kor gammal ein vil anslå at eit individ er ved ein viss størrelse. Størrelse-ved-alder anslag kan være svært forskjellig frå område til område for same art, dette er grunna dei ulike miljøforholda for områda og korleis dette påverkar veksten. I Figur 1 kan ein sjå størrelse-ved-alder anslaget som blei funnet i dette prosjektet. I dette anslaget blei det berre tatt med blåkjeft der alder rangeringa var 2 eller høgare. Ein kan sjå at det ikkje var like mange eldre individ med i dette anslaget, dette er fordi det var vanskeleg å lese av alderen sikkert på eldre individ over 10 år.

Figur 1: Anslag av alder-ved-størrelse for blåkjeft med alders rangering 2 eller høgare.
Å kunne jobbe med dette prosjektet dette semesteret har vore veldig kjekt og lærerikt! Eg anbefaler andre studentar å melde seg på dette faget, då eg har lært veldig mykje frå det.

Takk for meg,

Malene

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *