Merking og rognplanting


Tur til Årdal, i Rogaland, for merking av smolt. Smolt er det siste stadiet i laksens utvikling før den vandrar ut i havet. Smoltifisering er at laksen gjer seg klar for å leve i saltvatn, og at den endrar farge til meir sølv/blank.

Smolten på tank hos klekkeriet i Årdal. Bilde: personleg akiv.

Fisken blir bedøvd før vi merkar dei. Bilde: Persolig akriv

Merking av smolten. Bilde: Personleg arkiv

Registrering av merka fisk med lengde og vekt. Bilde: Personleg arkiv.

Registrering av merka fisk med lengde og vekt. Bilde: Personleg arkiv.

Tur til Modalen, nord i Hordaland, for rognplanting. Rognplanting er eit kultiveringstiltak som i hovudsak blir brukt over den anadrome strekninga, dette er også tilfelle i Modalen. Klekkjeri produserer rogn, og i vassdraget lagar dykkarar godt eigna gytegroper. Gytegropane blir laga etter dessa hovudkriteria: forskjellig størrelse på stein og grus, tilstrekkeleg djupna og vasshastigheit.

Rogn frå Vossklekkeri. Bilde: Personleg arkiv.

Dykkarane lagar gytegroper. Bilde: Personleg arkiv.

I bildet over med dykkarane ser eit veldig godt eigna område for rognplanting. Her er det god tilførsel av oksygenrikt vatn, og djupt nok til å dekke rogna sjølv ved lite nedbør. Vidare så er det stor variasjon i underlaget frå store steinar til fin grus. Ein ser også at elva flatar ut i høgre del av bilde som er eit fint område for ungfisken spreie seg ut på.

Kjempe gøy! Men også svært sliten etter ein lang med dykking i elva. 🙂

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *