Reisesjuka og båtlivet

Klar for ny trålfangst
Fy flate for ei oppleving dette er! Sorry på førehand, men eg har berre så mykje eg vil skriva om. Tida har gått altfor fort, og me har no vore nord for Svalbard. Eg og Astri storkosar oss på lab, og har kome godt inn i labrutinene.
Til tross for min preventative reisesjuketablettbruk hadde eg likevel ein sjøsjukedag. Bølgjene var visstnok over 10 meter, og det kjentest! Me kunne heller ikkje tråla, så eg gjekk ikkje glipp av noko sånn sett – men var likevel kjedeleg å ikkje kunne reisa seg frå senga problemlaust. Det føltes som om ein stod i ein heis som fyrst gjekk oppover i enorm fart, slik at ein vart pressa ned i golvet – før den gjekk nedover i like stor fart, slik at ein nesten kunne hoppa utan tyngdekraft. Det var skikkeleg ubehageleg, og eg var sengeliggjande i nesten eit døgn og levde på Ritz-kjeks og gulrøtter som mine rause, gode og ikkje-sjøsjuke engle-medstudentar Astri og Alexander leverte. Matas var visstnok endå meir sjøsjuk, så me er berre takksame for at uvêret berre varte denne dagen. Dessutan er Kronprins Haakon ein av dei mest stabile båtane, så eg grøssar litt over tanken på skulle oppleva slike bølgjer i andre båtar. Heldigvis er eg i skrivande stund vorte såpassa van til den «vanlege» vugginga at eg eigentleg ikkje kjenner det i det heile tatt – som er ei positiv overrasking.
Etter bølgjene la seg fekk me skikkeleg kulde – særleg då me nådde nord for Svalbard. Den kaldaste dagen var -28˚C, i tillegg til vind og snø, slik at dei våte hanskane våre fraus stive i løpet av dei få minutta me var ute på dekk. Det er nattsvart heile døgnet, som sikkert er like greit når døgnrytmen er som den er. Me har også køyrd gjennom is! Det var stilig å sjå, og lagde ein litt creepy skrapelyd langs skroget. Men eigentleg er det noko ganske magisk å vera så isolert på ein båt, i nattmørkret og kulda, med svære isflak skrapande langs båten.
Labben og livet
Arbeid på labben går jamnt og trutt, og eg merker at det er synd det snart er over. No som me er skikkeleg inne i rutinene på labben og døgnrytma følar eg at me kunne halde på fleire veker til. Eg skjønar kvifor nokre som jobbar på HI vel å ha over 90 dagar i året på tokt, dette verkar som draumejobben for meg, og det er ordentleg vemodig at det ikkje er mykje tid att. Stemninga er topp, og me kosar oss skikkeleg saman! Eg er så utruleg takksam for dei flotte menneska ombord, dette er verkeleg ei draumeoppleving! Til tross for kulde og mørkret. Desse folka altså…
Sjølv om eg mistar håpet på å få sjå håkjerring – for ikkje å snakka om kvalar og isbjørn, lysforholda er ikkje optimale for safariturisme akkurat – så har me sett nokre spanande artar no òg! Min favoritt er isgalten, ein djuphavsfisk i skolestslekta, med skikkeleg ru hud og svære auge. Gjett om ein slik vert med meg heim! Eg håpar å finna ein måte å få lagt den på sprit… Eg har òg fryst ned eit blåsteinbithovud, har planar om å prøva å tørka det, men eg har inga aning korleis å gjera det. Så det vert spanande! Har fryst ned filetert torsk også, men det er ikkje like spanande å skriva om 😉
Eg trudde eg skulle få lest meir bøker, men fritida går til soving, eting, skravling…mykje skravling. Astri har med strikketøyet sitt, og Erlend stoppar sokkar. Sjølv om eg naturlegvis får skravla mest med dei kjekke folka som tråkkar i same labben under dei same skifta som eg, har me heldigvis fått blitt kjend med dei andre flotte folka om bord som driv med bl.a. akustikk! Det fins jaggu mange kule jobbar der ute! Guida tur i maskinrommet fekk me òg. Eg skriv rommet men det går over tre dekk og er langt meir enn éitt rom.
Me har fått prøvd oss på otolittlesing! Otolittar er beinkrystall som hjelp fisken med rørsle og balanse, men ein kan putta dei i mikroskop og «lesa» årringene for å finna ut alder, vekst og anna. Det er dette Malin og Erlend, våre labmentorar/guruar/kollegaer-som-kan-mykje-meir-enn-oss, jobbar med til vanleg. Det er interessant å få knytta opp tidlegare fagleg kunnskap om forvaltning opp mot praktisk arbeid – for all registrering av antal, vekt og gytestadie, og otolittane vert faktisk brukt i forvaltinga av desse bestandane. Det får meg til å vurdera fiskeriforvalting på ein annan måte enn eg har før.
Tankar om eventyret
Desse siste dagane er vemodige og herlege om einannan. Eg er altså så utruleg takksam og glad for å oppleva dette, samstundes veit eg at det snart er slutt og eventyret er over. Eg føler denne veka har gått så ufatteleg fort, og samhaldet både blant oss studentar, men òg saman med dei andre på båten er vorte mykje sterkare enn eg hadde forventa. På labben midt på natta er det ingenting anna enn god stemning, tøys, og ein felles interesse for det me driv på med. Måltida saman med resten av mannskapet er inkluderande og koselege. Før denne reisa var eg ganske sikker på at marinbiologi var vegen vidare for meg, og no har eg i tillegg fått eit heilt anna blikk på fiskeri og forvalting. Eg tykkjer alltid det er gjevande å utvida horisonten slik – og dette toktet har definitivt gjort det. Interessa for fiskefysiologi og artskunnskap er gjenoppliva, og er noko eg kunne tenkt meg å leggja ned ein innsats i for å meistra. Tanken på at me snart er ferdig nok trist fordi dette har vore ei heilt vedunderleg og unik oppleving. For eit privilegium! I morgon går me i land.