No har eg passert 50 arbeidstimar, som betyr at tiden er inne for eit nytt blogginnlegg. Desse timane har bestått rapportskriving, databearbeiding, feltarbeid, samt planlegging og gjennomføring av stand. Dei første vekene arbeide eg for det meste sjølvstendig på kontoret med ein rapport om bleka (ferskvassstasjonær laks) i Byglandsfjorden, og dens påverkingar frå vassregulering. Her fekk eg testa ferdigheitene mine i R, ettersom mykje av tida blei brukt til bearbeiding av datasett og visualisering av data.
I februar arrangerte Akvariet i Bergen nattevandring, kvar besøkande kunne oppleve akvariet i mørket. Her skulle fleire bedrifter, inkludert NORCE LFI, halde stands for å vise fram litt av det dei jobbar med. Eg fekk ta del i planlegginga av kva som skulle visast, og til slutt landa me på to stands: ein med fokus på vassdrag og restaurering, og ein med fokus på bleka. Begge skulle også ha ein tank med botndyr og lupe. I den samanheng var eg med på å samle inn botndyr, noko eg i utgangspunktet trudde eg skulle fikse lett etter alle botndyra eg fanga i myrtjørn på fjellet som liten. Enten var eg blitt rusten, eller så var forholda i Apeltunelva for ulike dei eg var vand med, for det blei nemleg ikkje store fangsten på meg. Me var heldigvis to om det, så nokre botndyr blei med tilbake til slutt, pluss ei lita skrubbe.
Det var ein hektisk men kjekk opplevelse å være med på stand, og sjølv om me var der i fleire timar gjekk tida overraskande fort. Mange nysgjerrige, både vaksne og ungar, ville sjå på og lære meir om det me hadde på standsa. Hovudrolla mi blei å svare på spørsmål om botndyr etter beste evne. Ein kanskje uventa slager var skrubba i botndyr tanken, då det blei stor interesse for å finne kvar den gøymde seg på botnen. Blant dei yngste var det og spennande – og for nokon litt skummelt – å krype gjennom «tunnelen» utstyrt med PIT-antenne, med eit PIT-merke i handa, slik at det peip i PIT-antenna når dei passerte.
Nokre veker i etterkant, den 20. mars blei det dagstur til Suldalslågen i strålande vårsol. Etter ein triveleg køyretur starta arbeidet med kartlegging av ei fisketrapp. Dette blei gjort ved å ta bilete frå fleire forskjellige høgder og vinklar med drone. Desse bilda brukas til å lage ein virtuell modell av fisketrappa i eit 3d-modellerings-software. Deretter køyrte me lenger opp i elva for å undersøke to vandringshinder. Dette blei gjort ved å ta målingar i øvre og nedre del av hindera med differensiell GPS. Når det var gjort var dagens oppdrag i boks.

Dagstur til Suldalslågen, frå venstre: Fisketrapp som blei kartlagt med dronebilete og måling med differensiell GPS ved to vandringshinder.
Den første runden med feltarbeid i Suldal handla mest om å sjå og lære, men eg kan røpa at det i skrivande stund har blitt meir involverande feltarbeid, der eg og har måtta bretta opp erma og ta i eit tak. Det får eg spare til neste blogginnlegg, so følg med!