Blogginnlegg nr 2: 50 arbeidstimar på Havforskningsintituttet.


Goddag kjære leser og velkommen tilbake til mitt andre blogginnlegg. No har eg gjennomført 50 arbeidstimar på Havforsknigsinstittuet og eg er komme godt inn i arbeids rutinane.

Første dagen blei me godt tatt imot på HI sitt bygg i strandgata, me fekk ein liten omvising rundt om i bygget og blei introdusert til dei andre som arbeidet med mareano prosjektet. Deretter blei me introdusert arbeidet me skulle utføra og til dei digitale verktøya me skulle ta i bruke for å utføre arbeidet.

Arbeidet går ut på å annotera eller lage boksar rundt forskjellige bunndyr, med ein «lable» av artsnamnet eller ein breiare gruppe. Vidare skal disse boksane bli brukt til maskin læring, for å lage ein algoritme til å gjenkjenna dei forskjellige botndyra automatisk.

Med eit slik verktøy kan store mengder gammal og framtidig data behandlast meir effektiv. Dette igjen vil ha ein stor virkning på kartlegginga av økosystema på den norske havbotn. Som igjen kan være med på viktige beslutningar som tas ved næringsutviklinga på havbotnen.

Sjølve annoterings prosessen gjerast i eit program kalla Biigle, dette er eit program som er dedikert til akkurat denne oppgåve. I Biigel kan eg bruke forskjellige «lables», med artsnamn eller breiare grupper og forskjellige verktøy til å forme annoteringen. Ofte er de litt vanskeleg å gjenkjenna rett art, så da kan eg bruke ein tildelt guide, guiden fortaler litt om morfologiske eigenskapar til dei forskjellige artene. Guiden hjelper veldig for å skille to like arter. Eg tar og notata av karakterar som eg ser nøye på for å skille dei forskjellige artene, må ikkje nødvendigvis være ein direkte karakter men kan være noko så enkelt som skuggen.

I første omgang blei det ein stor del annotering av svampar. Når du tenker svampar eller marine svampar, tenker du kanskje på ein kjent teikne serie figur som lever i ein ananas på havets botn, men det er dessverre ikkje heilt sånn svampane blir framstilt på havbotnen. Svampar kommer i meir eller mindre i alle forskjellige farger og former. Dei har sin plass i økosystema og er ein stor del av dei levande organismane du finner på havbotnen.

 

Bilde1-4: Svampane Geodia barreti, Hymedesmia paupertas, Antho diactoma og Oceanapia robusta, med annotering. Desse svampane framstile den store diversiteten blant svampar.

Med dette arbeidet har det blitt ein del kontorarbeid, det har resultert i nokre lange dagar, men med ein kontinuerleg flyt med kaffi og ein underhaldande podkast på øyra har dagen sust forbi.  Det var det eg hadde til dykk i dag, så får me sjåast igjen i blogginnlegg 3 når eg har jobba 100 tima.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *