Blogginnlegg 1 av 4: Havforskningsinstituttet


Blogg innlegg nr 1 – Havforskningsintistuttet

Goddag kjære leser og velkommen til mitt første blogginnlegg av 4 som eg skal poste her, igjennom disse blogginnleggene skal du få bli kjent med meg, arbeidet eg utfører i min praksis periode og alt eg lærer i praksisperioden. Blogginnlegg 1 omhandlar ein introduksjon til meg, Nr 2 er etter 50 arbeidstimar, Nr 3 etter 100 arbeidstimar og Nr4 etter arbeids150 timar. Nr 2,3 og 4 kommer til å omhandle arbeidet eg har utført i disse timane og om mine tankar rundt praksisoppholdet.   

Nå som litt praktisk informasjon er dekket er det vel duket for ein liten introduksjon. Hei eg heiter Vebjørn Larsen er 24 år gammal og kommer frå Fitjar som ligger på sommar øyo Stord. Eg studerer mot ein bachelor grad i biologi og er nå på mitt siste semester. Videre etter oppnådd bachelor grad er planen å gå over på ein master grad.

Under oppveksten så kom eg i nær kontakt med naturen, på Fitjar finner du alt ifrå fjell og skog til fjære og skjergarden som ligger kun eit steinkast vekke. Dette har hatt ein stor innflytelse på at eg val å studere biologi. Eg har og hatt ein ekstra stor fascinasjon med den marine delen av biologi. Dette speiler seg igjennom studieløpet då eg har hatt meir val fag som fokuserer på den marine delen.

Eit blinkskudd av eit bilde etter ein kveld med fri dykking på Fitjar.

Igjennom heile studieløpet har det vært ein overflod med teori, som er i bunn og grunn forvente, men innimellom all teorien har med hatt litt praktisk arbeid i form av laboratorie arbeid eller feltkurs. Igjennom det praktiske arbeidet, har eg opplevd at alt det teoretiske eg har lært i forelesningane blir meir «støypt fast» og eg får ein djupare forståeleg av det, når eg får brukt det i praksis.

Eit eksempel på dette var på lab i Bio 280 Fiske anatomi og systematikk der me skulle sjå på alle knoklane i hovudet til ein torsk, og lære namn og plasseringa til dei. Utan denne laben hadde det vært 10 gonger så vanskeleg å lære om det emnet. Det var derfor eg val Bio 298 som eit valfag, for å bruke det eg har lært til no, i praksis, og for å få ein djupare forståeleg om biologi som ein heilheit.

I Praksisperioden har eg vært så heldig å få praksis plass på Havforskningsinstituttet, Mareano prosjektet. Mareano Prosjektet er eit prosjekt som går ut på å kartlegge havbotnen i norske kyst og havområde, både geologisk og biologisk, for å bidra til kunnskapsbasert og berekraftig forvaltning og næringsutvikling.

Igjennom praksisperioden hos Havforskningsinstituttet ser eg fram til å bli meir kjent med korleis kunnskapen rundt biologi blir brukt i praksis, eg trur det kan bli ein veldig interessant og lærerik praksisperiode.

Det var blogg innlegg nr 1, så no er det berre å vente i spenning på neste kapittel som kommer etter eg har gjennomført 50 arbeidstimar på Havforskningsintituttet.

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *