Praksis går mot slutten


Heisann! Då var eg tilbake med enno eit blogginnlegg, berre litt forsinka! No har vi jobba over 100 timar og det er på tide med litt refleksjon. Eg vil absolutt seie at eg nysgjerrig på å finne ut eller utforske meir om arbeidet vi gjer i natur- og miljøforvaltninga. Det er ein veldig variert jobb der ein kan diskutere med kollegaar og kome fram til ein framgangsmåte saman. Dette gjer at ein lærer av kvarandre, og jobbar tverrfagleg. Det har vore kjekt å vore fluge på veggen på møter og sjå korleis dei balanserer ulike behov i saker som til dømes bevaring av natur, habitat for ville dyr, politiske vedtak, lover og reglar og ønske om utbygging.


Ein liten assistent hjelper på motivasjonen på befaring!

På den andre sida er eg også glad i utfordringar som er litt meir aktive enn den ein typisk finn i kommuna. Vi er mykje ut på befaringer, diskuterer, kontorarbeid o.l., som ikkje er arbeid som nødvendigvis er direkte problemløysing, men eit steg på vegen av ein lengre prosess. Men, det er nok mogleg å jobbe med tolmodet, og eg ser for meg at jo meir involvert ein er i prosessen jo meir tilfredsstillande er det. Vi har nok heller ikkje fått eit fullverdig innblikk av å jobbe ca. ein dag i veka i løpet av eit semester!

Kunnskapen eg har i biologi (spesielt botanikk og økologi) får eg brukt blant anna i arbeidet vårt om framande skadelege artar, der vi må vurdere kva slags planter vi skal åtvare innbyggjarane i Bergen kommune om å plante ut og spreie frå hagane sine. Det er også eit spørsmål om korleis ein skal formidle dette på ein lettfatteleg måte som gjer at folk skjønar alvoret i spreiinga av framande artar og korleis det utkonkurrerer artar som høyre heime her.

Ute på befaring i Apeltun/Smørås-området sist fann vi fleire område med parkslirekne, ein av dei verste framandartane vi har på grunn av stor spreiingsevne (via jordstenglar) og dermed krevjande fjerning.

Gjennom seminar og møter har vi også fått utfordre kunnskapar i støttefag som kjemi, der vi blant anna har diskutert lausmasser og forureina grunn, og toksiske stoff i plast. Det å ikkje kunne alt gjer meg lysten på å få meir kontroll på temaet, og nysgjerrig på å lære meir. Dette er ein forfriskande kjensle å ha når eg eigentleg kjende meg ganske ferdig med å studere! Eg er nysgjerrig på å lære meir kartografi, botanikk, kjemi og rettsvitskap (som viser kor brei kunnskap som kan vere relevant sjølv med ei lita stilling i kommuna!).

 

No gjenstår det berre å fullføre dei prosjekta vi har starta på og presentere det vi har funne før praksisen er over! Vi snakkast ved neste blogginnlegg!

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *