Plukk opp søpla di!


Hei igjen! Då er eg tilbake med blogginnlegg frå praksisen min i Bergen kommune; Bymiljøetaten – avdeling for natur og miljøforvalting. Eg er så heldig at eg har ein partner å jobbe med; Ann Yuki, som gjer alt litt kjekkare å gjennomføre. Mykje av arbeidet i kommuna omhandlar samarbeid, og det er kjekt å vere to. I tillegg har vi to gode rettleiarar som guidar oss gjennom oppgåvene våre, og alle vi møter på i kommuna er generelt veldig behjelpelege. Godt samarbeid er ein veldig nyttig eigenskap å ta med seg vidare frå yrkespraksisen.

Så langt har mange av oppgåvene våre vore møter og kurs, planlegging og vere ute i felt med kartlegging av forsøpling. I sistnemnte arbeid har vi samarbeidd litt med NORCE og brukt deira kartleggingsverktøy (i tillegg til kommunas eigen) for plastartiklar og anna boss, sidan dei arbeider med kva slags forsøpling som finst i elvene i området. Området vi haldt på å kartlegge var Daleelva i Åsane. Måten vi gjer det på er å følgje elva til fots og plotte inn punkt med forsøpling. Kommuna bruker eit digitalt kartsystem. Etterpå kan ein bestemme tiltak for å rydde opp og om ein kan finne ansvarlege for forsøplinga. Det kan vere frå til dømes industri/butikkar etc. i nærleiken som vi kan pålegge å rydde opp. Viss ikkje kan det vere frivillige eller ryddemannskap som kjem inn.

   
Litt bilete frå befaringa i Daleelva.

Daleelva blei vi nyleg ferdig med og det var ein veldig god kjensle! Vi brukte rundt fire dagar totalt på å kartlegge alt. Vi kom også i kontakt med fleire i nærområdet som ville fortelje oss om ulike forsøplingspunkt eller korleis fiskebestanden i elva hadde endra seg opp gjennom åra. Vi fann ein del område som var veldig forureina av plast eller andre ting. Handlevogner og sparkesyklar i elva var heller ikkje eit reint uvanleg syn i dei urbane områda rundt busstasjonen, IKEA og kjøpesentra.

Når eg då ser folk på gata som forsøplar skjøner eg at dei ikkje innser kor lite som skal til før søppel hamnar ut i elver, og vidare ut i havet. Det var kjedeleg å sjå at det mange stadar var mykje algar og sjøgras i elva, og tilsynelatande lite liv elles. Det var også tydeleg kor stor innverknaden vår på habitata til artane som lev i desse områda er.

Neste punkt på lista er å jobbe med framande skadelege artar i Bergensområdet. Vi skal også lage ein presentasjon om ulike plastfangerar ein kan setje ut i elver og sjø, som kan gjere miljøet reinare for forsøpling. Eg håper vi kan bidra til eit litt betre miljø her i Bergen 😊

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *