Praksis hos Bergen kommune


Hei!

Mitt namn er Elin Håskjold, og eg går siste semesteret mitt av ein bachelor i biologi. Eg skal ut i praksis i natur- og miljø-forvaltinga i Bergen kommune! Der trur eg vi kan få oppgåver som å måle vasskvalitet, kartlegging, arbeide med forsøpling og diverse kontorarbeid. Forhåpentlegvis kan dette faget bli til nyttig erfaring, kontakter og informasjon eg kan bruke seinare når eg skal ut i yrkeslivet også. Eg trur det er nyttig for ein arbeidsgivar å få prøve ut studentar i praksis slik at dei kan påverke kva emne vi tek eller korleis studiet er lagt opp, når det er dei som til sist skal ansette oss. Eg føler meg også meir nyttig når eg er med å gjere praktiske ting og det gir ei god avveksling til det vanlege studentlivet.

 
Frå venstre: plukking av søppel i grønn kajakk på Skuteviken, segltur i sommar, og fjelltur på Stavekollen i heimkommuna Sykkylven.

Til no har eg tatt ei bredde med valfag, som innføring i programmering, diversitet og biologi hjå insekt, perspektiv på berekraftig utvikling, miljøkjemi og forskingspraksis i biologi. Eg likte veldig godt det praktiske aspektet av forskingspraksisen, så no er eg spent på kva yrkespraksis har å by på. Generelt har eg fått lite praktisk erfaring frå feltkurs, lab og liknande pga. korona så derfor synest eg det er ekstra viktig å få nytte tilbod som dette.

Generelt har eg ikkje så mykje kunnskap om kva slags jobbar biologar får etter endte studiar, men eg har fått inntrykk av at mange jobbar i kommunale/statlege jobbar, med kartlegging eller forvaltingsjobbar. Eg kunne gjerne tenkt meg å fått eit innblikk i eit privat firma som treng biologar som ansette, men det får eg spare til ein annan gong.

No har vi fått adgangskort og eigen pc å jobbe med, så no er det berre å setje igong! Gler meg til å sjå kva som ventar 😊

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *