Kontorarbeid, kaffekonsumering og lange lunsjar.


Hei hei! Meg igjen! 

Etter eg var blitt ferdig med feltarbeidet mitt ute i vakre Hardanger, og tatt eit par eksamenar, vart eg plassert hos NINA, Norsk institutt for naturforsking, for å fortsette med forskingsprosjektet. 

Forskingsprosjektet eg er så heldig å få være med på heiter APPLECORe, som står for Assessment of Pollination Provisioning in agricultural Landscapes and the roles of Environment and Climate on Resilience. Eit av måla med dette prosjektet her er å finne ut kor effektivt forskjellige pollinatorar pollinerer her i Noreg. 

Her har eg arbeida med å legge saman feller, og å rydde i feltutstyret som ble brukt i prosjektet, nærmare 20 timar blei lagt ned i dette her. Sidan eg skal jobbe i 150 timar i dette faget, så har denne uka, og neste uke blitt veldig lange, og har enda opp med at eg jobbar i 100 timar på to veker, og kva må man gå til da? 

Nettopp! Kaffe 😉.  

Denne siste uka har eg drukke meir kaffe, enn eg har gjort på leeenge, så om det blir ei global kaffekrise, så vil eg berre sei: Unnskyld. 

Utanom rydding og demontering av feller, har eg også jobba med re-labeling av insekta og blomane frå felten. Dette måtte bli gjort fordi en del av markeringa som vart gjort haldt på å forsvinne, og om me ikkje kan lese kva som står på prøvane, så mister man utrolig masse data. 

Eit anna aspekt med å jobbe på kontora, i staden for å jobbe heime, er at man kan spise lunsj saman med andre. Åh, eg hadde gløymt kor kjekt det var å ha lunsj med andre. Etter eit år med lunsj aleine, der lunsjtida berre bestod av “kor kort tid klarte eg å få i meg maten?”, så var det ganske kjekt å ha lunsj der eg kunne snakke med andre, og lunsjtidene blei godt lengre enn eg var blitt vandt med. 

No nærmar det seg snart ferie, og ser fram til å sjå kva som skal skje de neste 50 timane før eg og kan ta ferie. 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *