Takk for meg!


Hei igjen

Då har eg mine 140 timar hjå Naturvernforbundet i Hordaland kome til ein slutt. Dei siste arbeidstimane min gjekk mykje i ulike møter om framtidige prosjekt. Eit av desse var eit innspelsmøte med olje- og energidepartementet om NVEs forslag om nasjonal ramme for vindkraft. Det var om lag 80 deltakarar med på konferansen og me fekk høyre 19 innspel frå salen. Her kom det mange bidrag frå friluftentusiastar og naturvernarar som ikkje støtta utbygginga av dei såkalla monstermastene som det er planlagt å bygge ut. Det blir spennande å følgje med vidare i den saka.

Først og fremst vil eg takka alle hjå Naturvernforbundet i Hordaland for å ta så godt imot meg. Eg har fått vore med på mykje forskjellig saman med mange kjekke folk, som eg ikkje kunne vore med på dersom det ikkje var gjennom Biopraksis og Naturvernforbundet.

Det å få lov å vere med på ulike møter/konferansar har vore svært interessant og lærerikt. Ikkje minst det å få vere tett på planlegginga og gjennomføringa av plastryddings-aksjonen i Øygarden var ei nyttig erfaring. Eit anna spennande prosjekt eg fekk ta del i var aktivitetsdagen på Langegård, eit prosjekt retta mot småbarnsfamiliar der det var lagt opp til ulike aktivitetar både for store og små. Det var òg mange innvandrarfamiliar som deltok på dette prosjektet. Det å kunne fordjupe seg i insekt-debatten er eit anna viktig og spennande tema eg har fått vore med på i denne perioden.

Eg føler at Naturvernforbundet har vore fleksible , og har gitt meg relativt stor friheit til å bestemme kva tid eg har hatt moglegheit til å jobbe. Dersom noko har kollidert med skulearbeidet, har det ikkje vore noko problem. Eg har fått vore med på mange og varierte arbeidsoppgåver denne perioden, og det har vore svært kjekt å sjå den store interessa for naturvern i Noreg.

Til slutt vil eg sterkt anbefale Naturvernforbundet i Hordaland som praksisplass om nokon vurderer å ta faget i framtida.

Takk for meg!

  • Halvard

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *