Aktivitetsdagen på Langegård og Strandryddedagen Øygarden


Hei

Eg har no jobba i overkant av 100 timar og har fått vert med på nokre utruleg kjekke turar. Til å begynne med var eg med på aktivitetsdagen på langegård. Her var det ein heil formiddag med ulike aktivitetar for store og små. Dagen starta med ein velkomst til garden der ein også kunne være med på saueslepp. Videre var det mogleg å være med å køyre hest og kjerre, være med på urteinnsamling og matlaging. I tillegg hadde me satt opp ein natursti og skattejakt for dei yngre der dei gjekk på ein sti der me hadde hengt opp nokre spørsmål som dei skulle svare på, og eit kart med ulike planter som dei skulle finne. Når dei hadde gjort dei ulike oppgåvene kunne dei komme bort å vise det dei hadde gjort og få premiar. Det var her eg opphaldt meg for det meste frem til det skulle bli servert mat nede på garden. Her blei det servert ei vanleg vegetarsuppe og ei brennesle suppe frå gruppa som var med på urteinnsamling.

Veka etter aktivitetsdagen på langegården var det tid for strandryddeveka, og da særleg  strandryddedagen 4. mai som tok turen ut mot øygarden. Me hadde overnattingsplass på kvernepollen rorbuer. Dagen starta med reisa ut mot øygarden før me begynte turen ut mot strendene som skulle ryddast. Det tok omtrent førtifem til ein time å gå inn til strendene. Når me kom fram delte me oss in i ulike grupper som gjekk inn for å rydde ulike strender. Det var absolutt ikkje mangel på plast å plukke, strendene var fylt med både små bitter av mikroplast og store plastbehelder og plastposar. Det var begrensa kor mykje me kunne ta sida me måtte være tilbake  til bussen innan klokka var rundt fem. I realiteten for å fjerne all mikroplasten som var der ville me minst måtte grave ut det første laget med tang og tare. Det hadde me da dessverre ikkje moglegheita til denne gangen. Når det var på tide å pakke saman samla me alle sine bossposar saman i nokre svært store posar som me kunne sette igjen. Alt ein trengte å gjere var å ta eit bilde av den store posen og skrive ned koordinatane. Dei store posane ville da seinare bli henta ved hjelp av båt eller bil der det var mogleg. Etter ryddinga gjekk turen tilbake til kvernepollen for dei som hadde meldt seg på overnatting og resten tok turen heim. Det blei det servert middag på kvernepollen rorbu.

Dagen etter var det satt opp at me skulle finne eit område nært rorbua der me kunne rydde litt før me tok turen heimover. Det var ei lita strand femten til tjue minuttar unna der me var. Her var det også lag på lag med plast. Bare her fekk me fylt to store posar. Og denne dagen hadde eg batteri på mobiltelefonen så her fekk eg tatt eit par bilete.

Det var svært kjekt å få være med på både aktivitetsdagen og strandryddedagen, kjekt å sjå så mykje initiativ frå så mange folk.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *