Naturlig Onsdag Insektenes planet


Hei

Eg har nå jobba hjå Naturvernforbundet i litt over 50 timar, og må sei eg er svært nøgd med min praksisplass! Eg har fått vore med på mykje forskjellege arbeidsoppgåver med mange kjekke folk. Dei siste månadane har eg vore med på alt frå møter til befaring. Det meste av arbeidstida har vore fokusert rundt artikkelen eg skreiv for magasinet NaturVest og nettsida deira.

Som nemnt i eit tidlegare innlegg var eg med på «Naturlig Onsdag (06.02.19)» som handla om Insekt og kor viktige dei er for oss. Der fekk me høyra frå Anne Sverdrup-Thygeson som er professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU. Dette har da blitt utgangspunktet for det min artikkel handlar om.

Sverdrup-Thygeson er aktuell med boka «Insektenes planet: Om de rare, nyttige og fascinerende småkrypene vi ikke kan leve utan». Me fekk høyra om kor viktige insekt har vore gjennom menneskets historie, og at me har tatt tenestene deira for gitt. Det har komme ut i fleire rapporter om korleis tilstanden til insekt på verdsbasis står til og det har vore lite gode nyheiter. I enkelte rapporter er det opp i mot 40% av insekt arter som er i fare med å bli utrydda. Andre som ein frå Puerto Rico fortell at 98% av insekta på bakken er borte. Det kjem også fram i ein rapport at mykje av skulda ligg hjå oss, og særleg vår intensive bruk av areal og sprøytemiddel trua store mengder insekt.

Artikkelen ligge dessverre ikkje tilgjengeleg digitalt enda, men den har komme ut i fysisk utgåve for folk som er medlem i Naturvernforbundet i Hordaland. Men eg tenkte det kunne være greitt å dele nokre bilde av den her for dykk.

Som nemnt tidlegare var eg også med på ei befaring. Her skulle vi ut til langegården for sjå på kva ulike moglegheiter det var for arrangementet som Naturvernforbundet skulle halde der. Planen var her å sjå på kva ulike urter det kunne finne der, som skulle kunne bli brukt til å lage mat av under arrangementet. Men ettersom me var der litt tidleg var det ikkje allverden å finne, men det ville truleg være komme ein del meir når aktivitetsdagen nærma seg. Men eg kjem nok tilbake til meir om dette arrangement i neste innlegg.

Me snakkast

https://forskning.no/biologisk-mangfold-insekter-naturvern/forskere-frykter-katastrofal-kollaps-i-naturens-okosystemer/1292722

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *