Innlegg nr. 4; Over og ut.


Hei igjen

 

No har er me ferdig med første perioden av luseteljinga på Herdla. Fisken som vart fanga er blitt pit-merka og antenner er sett opp i ei nærliggande elv. No får ein berre krysse fingra for gode resultat, for er det noko er har lært dette halvåret så er det kor uforutsigbart feltekperiment kan vere.

 

Å arbeide i felt er ikkje som å arbeide på eit laboratorium. I felten kan ein ikkje styre dei variablane ein ønskjer for å sjå endring i ein bestemt variabel, slik ein kan på laben. Her kan ein berre prøve å gjere så godt forarbeid som mogleg og håpe på at ein får dei resultata ein er ute etter. Variablar som vær, vind, temperatur osv. er det ingen som kan rå over i naturen.

 

Eg ser og no kor viktig nokre av faga eg har hatt er for å kunne gjennomføre slike eksperiment som eg no er ein del av. Statistikk f.eks, som eg ikkje hadde så mykje til overs for, er eit utruleg viktig fag når ein skal planleggje felteksperiment. Det å berekne riktig mengd ”sample” f.eks. er ikkje berre berre. Ta f.eks. prosjektet eg har vore med på på klekkeriet på Voss. For at ein skal få resultat frå eit sånn type prosjekt er ein heilt avhengig av å få gjenfangst på fisken som vert merka. Ein må difor ta eit relativt stort ”sample”. På Voss merka me ca 30 000 fisk. Dette kan høyrast voldsamt ut, men kva er vitsen med å merke berre 10 000 då om ein ikkje får gjenfangst på nokon? Då er jo alt arbeidet for ingenting.

 

Sjølv om feltarbeid har sine utfordringar, meiner eg at det har så mange fleire fordelar. Resultata ein får i eit feltprosjekt er mykje meir anvendelege i praksis enn dei som ein produserer på laben, nettopp fordi resultata er blitt som dei har blitt fordi naturen sjølv har styrt variablane. For meg har feltarbeidet og vore meir lærerikt enn eg nokon gong kunne førestilt meg. Det å få vere ute i frisk luft i så mange timar kvar dag, og å få slå av hovudet nokre timar og berre bruke hendene, det har og vore ei befriing.

 

Heldigvis treng eg ikkje seie farvel til den fantastiske gjengen på LFI enno

Heldigvis treng eg ikkje seie farvel til den fantastiske gjengen på LFI enno

 

På grunn av det komplekse samspelet i naturen som verkar inn på eit feltprosjekt har eg skjønt verdien av breidda i dei ulike faga me har hatt. Kunne eg valt sjølv ville eg valt bort både mikrobiologi- og botanikkdelen av fleire av faga me har hatt. Tatt ein rein bachelor i zoologi ville eg gjort. Trur det var fint at det ikkje var eit alternativ. Då hadde eg aldri fått den same grunnleggjande forståinga av korleis ting verkar saman. Det einaste eg angrar på er at eg ikkje tok dette faget tidlegare. Då hadde eg gjerne sett meir pris på desse faga medan eg tok dei. Utan om det har faget vore over all forventing! Tusen takk til alle dykk som har stått på for å gje oss dette tilbodet. Takk for meg.

 

Over og ut.

– Agnes Marie

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *