Spennande dagar i felt og på lab


I løpet av min siste halvdel av praksisopphaldet mitt hos NIVA har eg fått vere med på eit nytt prosjekt på lab i tillegg til ein tur til Slantevika kveitebruk og nokon dagar på Voss klekkeri.

Prosjektet på lab, som heiter COPCLAD og er eit prosjekt finansiert av artsdatabanken, går ut på å DNA barkode planktoniske hoppekreps. Dette er ein del av eit stort prosjekt som går ut på å lage eit oppslagsverk som inneheld DNA frå alle verdas dyr. Det eg har vore med på er sjølve DNA ekstraksjonen. Nokon artar var det berre samla eit eksemplar av, så det var spennande å gjere ekstraksjonen, for ein vil jo sjølvsagt ha eit så godt resultat som mogeleg. I tillegg var det kjekt å få vere ein del av eit så stort prosjekt.

DSC_0986 (1)

Nokon av kara i Slantevika.

Ein dag fekk eg vere med til Slantevika kveitebruk som er eit anlegg som driv kveiteoppdrett på land. Det var veldig kjekt å få vere med å sjå dette anlegget å sjå korleis det byggjer og tenker heilt nytt. Det er ingen som driv med oppdrett av kveite på land, og i tillegg bygger kara sine av stein, tre og resirkulerbar plast! Dette har gjort meg nysgjerrig på mulegheitane rundt å drive landbasert oppdrett og eg syns det var veldig inspirerande å sjå korleis dei satsar på noko heilt nytt og gjer det på sin eigen måte.

IMG-20160512-WA0007 (1)

Meg på voss klekkeri, i bakgrunnen ser ein pumpa som vi brukte til å tilsette aluminium i kara.

Det siste som eg fekk vere med på under mitt praksisopphald var 3 flotte dagar på Voss klekkeri. Dei driv blant anna med produskjon og utsetting av settefisk og smolt. Dette blir gjort for å byggje opp igjen bestanden av vossolaksen, som har vore i fare for å bli utrydda. Ein jobbar og med å finne ut kva som er med å påverke bestanden og ein av faktorane som blir undersøkt er aluminium i brakkvatnet, og det var derfor vi var der. All fisk er merka slik at ein veit kva kar dei kjem frå, og vi tilsette aluminium i nokon av kara. Ved hjelp av feller nedover i elveløpet kan ein undersøke kva fisk som klarar seg og sjå om det har nokon samanheng med dei som har vore eksponert for aluminium. Dette var spennande og litt skummelt, for det var viktig at vi tilsette rett mengde aluminium. For å kunne sjekke dette i ettertid tok vi vassprøver frå kara undervegs. I tillegg vegde og målte vi nokon av fiskane og tok blant anna ut gjelleprøver og blodprøver.

Eg synast det har vore veldig spennande å få lov å vere med på så mange ulike ting og eg merkar at den kunnskapen eg har frå faga som eg har hatt ved universitetet er god å ha. For sjølv om eg må lære meg dei tinga som eg skal gjere er det godt å ha noko bakgrunnskunnskap, og det er kjekt å få sjå korleis noko av denne kunnskapen kan bli brukt i praksis.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *