Mi første tid hos NIVA


I løpet av mi første tid hos NIVA har eg, blant anna, vore med på eit prosjekt inne på laben. Dette er eit prosjekt som omhandlar amøber som festar seg på fiskegjellene og dermed hemmar oksygenopptaket og førar til større dødlegheit blant oppdrettsfisken. Dette er eit prosjekt som går ut på å finne ut om det finnast stoff som kan tilsettast i foret, som kan vere med på drepe desse amøbene. Sjølve prosjektet blir utført ved at ein på mandagane tilset dei ulike stoffa til ulike kar med amøber og at ein vidare utover veka tel antallet amøber, for å sjå kva som kan ha ein effekt. Så min jobb var å telje desse amøbene etter 24, 48 og 72 timar.

I starten syns eg dette var veldig vanskeleg for eg har aldri jobba spesielt mykje med mikroskop, bortsett frå eit par stressande timar på lab på universitetet. Og det var ikkje alltid så lett å

2891

oppdrettsanlegget vi tok prøver frå den eine dagen

sjå kva som var ei amøbe og kva som var eit rusk eller ein bakterie. Eg var veldig redd for at eg skulle telje feil og dermed gje vidare resultat som ikkje stemte, men etterkvart som eg hadde gjort det fleire gongar blei eg meir sjølvsikker og eg fekk gode tilbakemeldingar på jobben eg gjorde. Sjølv om det å sitte å telje i seg sjølv ikkje alltid var så spennande var det kjekt å sjå resultata og sjå om det ein testa gav resultat eller ikkje.

 

I tillegg til dette har eg vore med ut til to ulike oppdrettsanlegg for å vere med å undersøke botnforholda under anlegga. Første gongen utførte vi ei B-undersøking (som nemt tidlegare), medan vi andre gongen gjennomførte både ei B- og ei C-undersøking. Begge desse typane av undersøkingar som må gjerast med jamne mellomrom for

2982

Grabben som blei brukt og apparatet som målte blant anna pH.

å ha kontroll på korleis anlegget påverkar fjordbotn. Ei B- undersøking foregår heilt i nærheita av anlegget, medan ved ei C-undersøking byrjar ein ved anlegget også tar ein prøver vidare utover, for å få eit bilete av kor stor utstrekking påverknaden eventuelt har. Desse undersøkingane gjorde vi ved hjelp av ein grabb, som blei senka ned til botn. Når vi fekk opp brukande prøver såg vi først på innhaldet, om det var leirete eller fast osv. Vi kjente og om det hadde noko spesiell lukt, deretter målte vi blant anna pH. Så silte vi innhaldet og såg etter dyr, som blant anna børstemakk. Alle desse ulike parametarane blei notert ned og er med på å gje eit inntrykk av korleis forholda er på botn.

 

Begge dagane eg var med var det fin sol og stille, og det er jo alltid kjekt å få vere på sjøen på slike dagar! Sjølv om det blir litt ventetid for at grabben skal synke ned til botn og bli heisa opp igjen. Som den frysepinnen eg er blei eg sjølvsagt litt kald etterkvart, sjølv med fleire lag ull, men begge dagane var det store båtar med mulegheit for å gå inn å varme seg. Så det var to veldig fine dagar og det var spennande å få vere med ut på anlegga og sjå ulike arbeidsoppgåve dei har, samt å lære meir om kva påverknad slike anlegg kan få for botn under.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *