LFI – innlegg nr. 2


Hei igjen.

I løpet av dei siste vekene har eg fått ta del i mange ulike arbeidsoppgåver og fått verte betre kjend med den flotte gjengen eg får jobbe med. Blant anna har eg gjort videoanalyse av bleka. Bleka er ein sjeldan laksefisk som ein finn i delar av Ottavassdraget, og som har vore avhengig av kultiveringstiltak i form av utsetjing av ungfisk etter samanbrotet i bestanden på 1960-talet (http://uni.no/media/manual_upload/LFI_249.pdf). I samanheng med dette har forskarane på LFI drive med habitatsforbetring og laga til gyteplassar for bleka i Byglandsfjorden. På gyteplassane har dei sett ut kamera for å overvake aktiviteten. Desse filmane har eg fått vere med på å analysere. Analysen går ut på å spole gjennom filmane og notere ned når det er aktivitet på gyteplassen, samt artsbestemme kva fisk det er (aure eller bleke) og beskrive kva type aktivitet som vert observert (forbisymjar, gravar og liknande).

I tillegg til dette har eg fått ei innføring i eit prosjekt dei er med i på Voss; Redningsaksjonen for Vossolaksen (http://www.miljodirektoratet.no/old/dirnat/attachment/3072/DN-utredning-1-2013_nett.pdf). Hensikta med prosjektet er å forsøkje å reetablere Vossolaksen etter det store samanbrotet i bestanden på slutten av 1980-talet. LFI si oppgåve i denne samanhengen er å belyse dei skadelige effektane av lakselus og å identifisere om det er unaturleg høg dødelegheit i smolten si utvandringsrute. Saman med Voss klekkeri måler og merker dei ca 30 000 fisk årleg, deler dei inn i forsøksgrupper og fôrar halvparten av smolten med fôr tilsett lakselusmiddel (Slice © ). Nokre smolt vert sett ut i elva, medan andre vert slepne ut og sluppe på ulike lokalitetar i fjordsystemet. Året etter vert fisken fanga igjen og det vert tatt skjellprøvar og føretatt nye måling av lengde i tillegg til veging av fisken. Desse skjellprøvane har eg vore med på å sortere og legge inn på dataen. I etterkant skal dei analyserast for å sjå på samanhengen mellom vekst, behandla/ubehandla og sleppstad.

Eg har og fått ta del i merkinga av laksesmolt på klekkeriet i Voss, i samanheng med Redningsaksjonen for Vossolaksen. I tillegg har eg fått kome meg litt ut i felten. Eg var med ein gjeng til Apeltunelva for å merke aure, samt fått vere med til Arnaelven for å merke laksesmolt og aure. Meir om dette i eit seinare innlegg.

Merking av aure i Apeltunelva

Merking av aure i Apeltunelva

Messii

Messi

 

 

Med andre ord storkosar eg meg i praksis, og finn at arbeidet eg får vere med på her gjer meg mykje motivasjon til å jobbe med faga eg har utanom, nettopp fordi eg endeleg ser kva kompetansen eg får kan føre til. Om ikkje dette skulle vere nok; dei har hund på kontoret! Ja, de høyrde rett. Ho heiter Messi og er veldig sosial, og matglad… hender lunsjen forsvinn på sporlaust vis. Flaks for ho at ho er så skjønn.

 

Ettersom eg har likt meg så godt har eg allereie klart å bruke opp praksistimane som er inkluderte i det minste praksisfaget (60 timar); wooopsi… Men eg vil jo vere med meir. Eg innsåg til slutt at eg sikkert kom til å bruke så mange timar hos LFI at eg like gjerne kunne få litt meir uttelling for det i form av studiepoeng. Det viste seg å vere ein enkel prosess å bytte frå det lille praksisfaget (bio198) til det større faget (bio298), så etter litt omrokkering på faga mine var det nett det eg gjorde. No gler eg meg til å fylle dei resterande 70 timane mine (totalt 130 timar) i selskap med Mess.. *kremt* .. dei fantastiske folka på LFI!

– Agnes Marie

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *