Uni-research – LFI; Laboratorium for ferskvannsbiologi og innlandsfiske


Hei, eg heiter Agnes Marie, er 21 år, og har 0 erfaring med å skrive blogg, men me får la det stå til.

Eg er no i mitt 6. og siste semester av min bachelorgrad i biologi. Det kjennest rart å seie, nesten like rart som det kjennest å seie at eg har budd i Bergen i 3 år. Desse tre åra har gått så enormt fort. Når ein ganske brått startar å ta inn over seg at det berre er 6 månader med studie igjen før ein skal ta i gang med ein mastergrad, og ein kjenner at det drar litt til i magen kvar gong nokon tek til å spørje: ”Bachelor i biologi ja.. Men kva blir du då?”, då er det fint at det dette faget finnest. Eg trur ikkje berre eg snakkar for meg sjølv når eg seier at det spørsmålet er særdeles vanskeleg å svare på.

For det er jo slik at om ein går medisinstudiet så blir ein lege, går ein juss blir ein advokat, går ein sjukepleien blir ein sjukepleiar osv … Og alle veit kva ein lege gjer, eller kva ein advokat gjer eller kva ein sjukepleiar gjer, men kva gjer ein biolog? Det er det vanskeleg å finne eit fasitsvar på.

Bacheloren i biologi er veldig breispektra, og ein må gjennom så utruleg mykje forskjellig. Det er ikkje lett å sjå for kva det skal lede til. Dei siste 3 åra har vore prega av mykje teori og kunnskap i det lange og det breie, og det har vore meir enn ein gong der eg har tenkt; ”kva i alle dagar skal dette vere godt for?”. Dette er IKKJE ein av dei gongane.

Då det kom til å søkje kor ein ønskja å ha praksis, var eg ikkje i tvil. Me har gjennom bacheloren hatt mange ulike førelesarar med ulike jobbar. Då me hadde Gaute Velle som forelesar i bio100 fanga jobben hans interessen min raskt. Det virka som han jobba i eit kjekt miljø med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver som varierer frå ein dag til ein annan. Dette skulle eg seinare lære at stemte. Eg sette nemleg Uni-research på 1. val, og trakk vinnarloddet då praksisplassane skulle delast ut.

Dette skulle vise seg å vere det beste valet eg har tatt på lenge. Eg har fått vere med på utruleg mykje kjekt, men det får eg fortelje meir om i dei neste innlegga.

 

 

Nye favorittplagget

       Nye favorittantrekket

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *