Prosjektet som har gjort meg tusen erfaringar rikare


Heisann! Eg heiter Mari og går andre semesteret på master i «Biodiversitet, evolusjon og økologi». Dette semesteret har eg valt å ta BIO299 som mitt valfrie emne for å førebu meg på korleis det vil vere å forske og jobbe sjølvstendig når eg skal skrive masteroppgåva mi til hausten. Mine ønskje for emnet var å få praktisk erfaring på lab, samt teste ut korleis eg taklar å måtte jobbe sjølvstendig med berre eit fåtal obligatoriske møter i løpet av semesteret. Når eg skriv dette blogginnlegget er eg midt i semesteret og har brukt rundt halvparten av alle timane mine. Desse er nesten utelukkande brukt på lab, noko som passar godt med ønsket mitt om meir laberfaring. 

Falcon-røyra vart merka med tilsvarande etikett som prøvene eg skulle gjere klar den dagen. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

Renser prøvene med pinsett i eit avtrekksskap for å oppretthalde mest mogleg sterile forhold. (Bilde tatt av Inga Drevland)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektet 

Eg hadde ingen preferansar då eg byrja å søkje etter potensielle rettleiarar, men fann til slutt eit spennande prosjekt som eg no har blitt ein del av. Prosjektet heiter FUNDER og handlar om korleis ulike klimaendringar påverkar plantene og jordsmonnet vårt. Rettleiaren min heiter Peter Groth Farsund og er ein superhyggeleg PhD-student ved UiB som jobbar med nedbryting av organisk materiale. Mitt bidrag til dette store prosjektet går ut på å finne ut korleis nedbrytinga til sopp blir påverka av ulike klimafaktorar (nedbør og temperatur) ved å registrere vekttap. Får å få eit mål på nedbrytinga vart kvar prøve veid før nedgraving og veid etter oppgraving, der vekttap anslår grad av nedbryting. Blant anna ser vi på om det er forskjell på nedbrytings-grada av melanisert og ikkje-melanisert sopp, der vi anter at melanisert sopp brytast saktare ned og dermed vil ha ein høgare vekt etter prøvene har blitt gravne opp enn den ikkje-melaniserte soppen. Prosjektet er dermed relevant når det kjem til kor mykje karbon som blir lagra i jorda og kan hjelpe oss å finne løysingar som kan bidra til å redusere global oppvarming.

Kunne bruke opp til 20 minutt på å fjerne røtter og tråder frå 1 sopp-prøve. (Bilde tatt av Inga Drevland)

Måtte fjerne røtter og tråder som låg inni prøven. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg skal no fortelje litt om mine erfaringar så langt i BIO299, for det har vore ei gøy reise med uventa problem, nyttige erfaringar og kreative løysingar. 

 

Labyrinten, òg kalla «Biologen», og dei mange låste dørene 

Det kjem ikkje som noko sjokk at det er vanskeleg å halde styr på alle romma og bygga på biologisk institutt. BIO299 har nemleg introdusert meg for ei rekkje nye rom eg må kunne navigere meg fram til. Arkitekten som designa Bioblokka bestemte seg nemleg for å ha to nesten identiske fløyer spegelvend av kvarandre. Fyrste dag på prosjektet gjekk til HMS-gjennomgang og brannsikkerheit på lab. Eg starta då dagen med å stå utanfor feil lab på feil bygg og måtte ta ein walk of shame ned til fyrste etasje og så opp i riktig fløy.

Panoramabilde av Biologen som består av 2 nesten identiske blokker (både utvendig og innvendig): blokk A (venstre) og blokk B (høyre). (Bilde tatt av Mari Mosdal)

 

Tre månader har gått, og eg tek framleis til høgre når eg skulle ha teke til venstre ut av heisen og omvendt. I tillegg er romma eg brukar i ulike etasjar, men òg i ulike blokker! Det trengs til og med nøkkelkort for KVAR EINASTE dør og heis eg nyttar meg av. Så langt er det berre éi dør eg kan tappe med kortet utan å skrive kode, og det er ei glede kvar gong eg nyttar meg av den. Sjølv om dette kan høyrast kjipt ut, går det ganske greitt. Eg får jo trass alt inn ein del skritt når eg går så mykje feil, og eg får trena på å hugse studentkortet mitt kvar dag. 

 

Realfagsstudenten utan realfagskunnskap

Når eg endeleg har kome meg gjennom uendeleg mange dører og inn på laben, er det uendeleg med ting som kan gå gale. Å gå gjennom alle hadde teke meg dei resterande timane eg har att av emnet, men eg skal no fortelje om éi av dei. Forhåpentlegvis kan eg førebyggje at fleire gjer den same idiotiske tabben som meg. 

Ei av arbeidsoppgåvene mine var å gjere klar uendelege mengder falcon-røyr før dei skulle fyllast med prøver. For å effektivisere prosessen tenkte eg ein dag at eg kunne gjere klart fleire falcon-røyr enn eg skulle bruke same dag når eg fyrst var i gang. Nøgd sette eg frå meg falcon-røyra i frysaren, klar for å kome tilbake neste dag og kunne starte rett på reinsing av prøver. Hadde eg derimot følgt med i fysikk og kjemi, hadde eg skjøna at dette berre ville føre til fleire problem. 

Dagen etter kom eg på lab og starta med å vege det tomme falcon-røyret på vekta som måler gram med fire desimalars nøyaktigheit. Eg venta til vekta skulle stabilisere seg så eg kunne notere ned talet. Det gjekk fyrst ti sekund, så eitt minutt, og så hadde det gått heile fem minutt, og vekta fortsette å søkke jamt medan eg stod der som eit spørsmålsteikn. Sidan det var helg, var det heller ikkje folk i bygget som kunne hjelpe meg.

Måler vekta av det tomme falcon-røyret. Den er såpass sensitiv at den må ha vegger rundt seg for å hindre at bevegelser i rommet påverkar vekta. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

Eg innsåg til slutt at det vekta klarte å registrere, men som eg ikkje kunne sjå, var endringar i aggregattilstandar. I frysaren hadde det danna seg små iskrystallar som følgje av fukt i lufta, og når røyra vart tekne ut i romtemperatur, byrja dei å smelte og deretter fordampe ut i lufta. Ein time seinare hadde vekta endeleg stabilisert seg, og resten av røyra hadde eg manuelt varma opp med mine eigne hender. 

 

Som hand i hanske, eller «isoporbrett i frysetørkingsmaskin»? 

Etter reinsing skulle dei over 300 prøvane frysetørkast. Heilt sidan semesterstart har eg frykta dagen eg måtte byrje med frysetørkinga. Den eine maskina på Biologen, som blir brukt av tilsynelatande heile UiB, har vore øydelagd, og det har samla seg opp ein lang kø med stressa professorar og studentar som er avhengige av ho for prosjekta sine. For min del såg det allereie mørkt ut då eg fekk vite at maskina brukte 48 timar på ei runde. Heldigvis kunne den ta 50 prøvar om gongen – men likevel… 

Då dagen endeleg kom, var frysetørkingsmaskina framleis ikkje reparert. Heldigvis fann Peter ein annan maskin, gøymd på ein tilsynelatande forlaten lab i fjerde etasje. At døra var merka med “Biohazard” og rommet inneheldt ein heil haug shady prøvar i skap, som sikkert berre venta på å bli “korona 2.0”, stoppa ikkje oss frå å gripe sjansen. 

2 kjempehyggelige skilt som ønsker meg velkommen på starten av lab-dagen og ABSOLUTT IKKJE gjer meg det minste bekymra. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

Neste utfordring var at maskina var mykje mindre enn den andre og tok berre 9 prøvar om gongen. Vi rekna ut at om vi sette inn eit nytt brett med ein gong det førre var ferdig, ville det ta over 2 månader å frysetørke alt. Det er omtrent 2 månader att av semesteret mitt, og etter frysetørkinga stod det framleis att litt labarbeid, all datahandtering og utarbeiding av resultat og diskusjon til labrapporten. Heldigvis kom vi på ein genial idé: om brettet som høyrde til maskina var for lite, kunne vi lage eit som var større. Vi fann noko snikkarverktøy på laben (ikkje spør meg kvifor det låg der), og enda opp med ein blomstersnittekniv. 

Vår geometrikunnskap tilsa at eit rundt brett ville få plass til flest prøvar, sidan lokket var rundt, så det var forma vi gjekk for. Etter mange fæle lydar frå Peter som skar i isoporen, klarte vi til slutt å presse lokket over isoporbrettet – som no romma heile 22 prøvar!!?!?! Vi kunne dermed frysetørke alt på rundt ein månad, og med det auka sjansane mine for faktisk å bli ferdig innan semesteret var over. 

Frysetørkingsutstyr. Det blå stativet kunne berre ta 9 prøver om gongen og blei fort erstatta av eit heimesnekra stativ som kunne ta 22 prøver. Dette bestod av eit metallstativ (firkanta med mange små hull for luftgjennomstrøyming) og eit avskåret isoporbrett som blir satt oppå og akkurat fikk plass inni glasslokket. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

Slik står prøvene i 48 timer før dei er ferdig frysetørka. (Bilde tatt av Mari Mosdal)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BIO299, Yay or Nay?

Allereie frå starten av semesteret har BIO299 vore favorittfaget mitt. Om det er fordi eg har hatt eit godt samarbeid med Peter, graden av sjølvstende, fri tilgang til lab eller det faktum at eg kan bidra til klimaforsking, veit eg ikkje. Det eg derimot veit, er at eg har lært mykje om både soppnedbryting, labarbeid og ikkje minst å vere løysingsorientert. Eg er veldig glad for at eg valde dette emnet, for det har gitt meg mange nyttige erfaringar, og med mange veker igjen ser eg for meg at det kjem fleire. Så det blir garantert Yay frå meg!

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *