Heisann, då var det på tide med eit nytt blogginnlegg!
I september og oktober har eg saman med Silje Maria artsnøkla pollinatorar for APPLECORe-prosjektet. Tidlegare har eg prøvd meg litt på nøkling av humler, men her var det større variasjon. Her var det mange forskjellige artar, både av humler, solitære bier (ikkje-sosiale), blomsterfluger, og honningbie, som vi berre har éin art av i Noreg. Pollinatorane var fanga i flight intercept traps og insektsnett i eplegardar i Ullensvang- og Svelvik-området. Desse skulle alle identifiserast til art ved hjelp av lupe og nøklingslitteratur.
Lasioglossum, Episyrphus balteatus, og Platycheirus clypeatus?
Vi fekk alt sortert i små posar merka med lokasjon, dato og om den sat på ein spesifikk blome (eple, løvetann osv). Då var det berre å starte jobben med å nøkle alle saman, helst utan å drysse av evt. pollen som var på dei sidan dette pollenet skulle analyserast etter vi var ferdig med nøklinga.
Første steg av nøklinga var å finne ut om det var ei blomsterfluge eller ei bie; humler er også bier. Dette ser du lett ved å sjå kor mange venger den har – fluger har berre eitt par venger, medan andre insekt som bier har to par – dekkvenger og bakvenger. Andre karakteristiske trekk som behåring, antenner, fargar, vener i vengane, struktur på bein og tergittar er stort sett det ein ser på for å avgjere, og desse trekka kan vere ganske like på mange artar. Derfor kan artsnøkling vere litt frustrerande arbeid. Men alt i alt vart vi ferdig etter rundt 40 timar kvar på ganske mange individ, så arbeidsinnsatsen var god!
No gjenstår DNA-ekstraksjon av eplefrø og å skrive ferdig rapporten før juleferie! 😊
Så bra jobbet! Det virker som dere har det gøy også og at det er lærerikt. Veldig bra!
Det var det! Takk for det 🙂