Plastregistrering og slutten på praksisperioden


Hei igjen,

Då har praksisperioden komme til ein ende, og det er på tide å skrive det siste blogginnlegget. På tampen av praksisperioden fekk eg vere med på eit nytt prosjekt, å registrere plast i elver, noko som var veldig kjekt etter eit lang periode med heimekontor. Arbeidet går ut på å gå langs elvene og å registrere på eit kart kor ein finn plast. Det skal også registrerast kva som er kjelda til plasten, til dømes om det er plast knytt til landbruk, hushaldning, byggearbeid osv.

Her fekk eg lov til å undersøke elver her heime i Sogn, og undersøkte først to elver i Vik, Vikja og Hopra. Begge elvene går gjennom Vik sentrum, og det er både område med tett bebygging og landbruk rundt elvene. Det var ein god del meir vatn i Vikja enn det var i Hopra (Figur 1), men det var framleis greitt med sikt slik at ein kunne sjå plasten som hadde festa seg langs elvebreddene. Det hadde vore sol og fint vêr ei god stund då eg reiste ut for å undersøke desse elvene, slik at høg vasstand frå nedbør ikkje var eit problem, men det spelte derimot inn seinare. Det var overraskande lite vatn i Hopra, men eg støytte seinare på eit skilt som sa at elva var regulert, så det forklarer nok den saken. Vatnet var derimot mykje rolegare enn i Vikja, slik at eg kunne sjå små fisk som svømte rundt.

Figur 1. Vikja til venstre og Hopra til høgre

Deretter følgde ein periode med regn før neste runde med plastregistrering. Eg hadde sett meg ut Storelvi og Supphelleelvi i Fjærland då det var sti/veg og flatt langs store delar av elvene, slik at det skulle vere enkelt å undersøke dei. Desverre hadde perioden med regn gjort at det var ganske høg vasstand i elva slik at ein ikkje kunne sjå elvebreddene (Figur 2). Kombinert med smeltevatn frå isbre, ville det vore vanskeleg å sjå noko som helst i vatnet. Eg såg likevel ein plastbit frå ein høyballe som hadde festa seg i ei grein (Figur 2), men det ville dessverre vore sannsynleg at det ville vore den einaste plastbiten eg ville ha funne.

Figur 2. Supphelleelvi i Fjærland. Ein liten plastbit frå ein høyballe til høgre

I staden undersøkte eg Sogndalselvi i Sogndal (Figur 3). Det var ikkje like mykje vatn i denne elva, men det var likevel meir enn vanleg. Denne elva var derimot ikkje like enkel å undersøke, og berre ein kort del av elva som kunne undersøkast då vegen slutta å følgje elva, og den gjekk over i juv.

Figur 3. Sogndalselvi

Takk til NORCE-LFI for ein flott praksisperiode, og god sommar!

Idun

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *