Korleis sjå forskjell på laks og aure


Hei! No har eg over 100 timar i praksis hos NORCE-LFI, og tenkte denne gong å skrive litt om korleis ein kan sjå forskjell på laks og aure, då spesielt med tanke på sjøaure, sida det er viktig å kunne når ein jobbar med analyse av filmklipp, som eg skreiv om i førre innlegg.

Vi begynner med laks (Figur 1), som har relativt få prikkar, spesielt under laterallinja (1). Laterallinja, også kjent som sidelinjeorganet går langs sida av fisken frå halerota og fram til gjellelokket. Det øvre kjevebeinet strekk seg ikkje bak auget (2), og forma på hovudet er meir spisst. Halerota er smal (3), og forma på halefinnen er konkav (4). Laksen har også ein generelt slankare kroppsform enn sjøauren.

Figur 1. Laks. Forklaring av nummer i tekst (uniResearch LFI)

Sjøaure har derimot mange fleire prikkar, og prikkane brer seg dessutan ned under laterallinja (1). Prikkane er også meir runde og systematisk plassert enn hos laks. Hos sjøaure vil det øvre kjevebeinet strekke seg bak auget (2), i motsetning til hos laks, og forma på hovudet er dessutan meir avrunda. Halerota er også breiare (3), og forma på halefinnen er meir firkanta (4). Sjøauren har også ein meir kompakt kroppsform enn laksen.

Figur 2. Sjøaure. Forklaring av nummer i tekst (uniResearch LFI)

Eg har også lært om kjenneteikn på oppdrettslaks, noko som er viktig å kunne kjenne igjen då ein vil vite om rømte individ, ettersom dei kan blande seg med den ville laksepopulasjonen. Oppdrettslaks (Figur 3) er ofte meir pigmentert enn villaks, og den fyldigare kroppsforma kan likne meir på sjøaure enn villaks. Men oppdrettslaksen har, som villlaks, få prikkar under laterallinja, og prikkane er dessutan små og heller ikkje like runde og systematisk plassert som hos sjøaure. Oppdrettslaksen har også korte gjellelokk, og reduserte og flisete finnar, der brystfinnane også ofte er skeive.Figur 3. Oppdrettslaks (øvst) samanlikna med villaks (nedst) (uniResearch LFI)

Som oftast når eg ser ein fisk i eit av filmklippa er det ein parr. Dei er enkle å kjenne att med parrmerker på sidene (Figur 4).

Figur 4. Parr med tydelege parrmerker på sidene (LFI)

Då sjåast vi snart igjen i det siste blogginnlegget om min praksisperiode hos NORCE-LFI!

Idun

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *