Filmklippanalyse frå fisketrapp i Arnaelva


Hei igjen,

Då var det på tide med ein oppdatering om min praksisperiode hos NORCE-LFI. NORCE, Norwegian Research Center AS, er eit forskingsinstitutt med stor fagleg breidde som driv med forsking innanfor fleire ulike felt, og finn løysingar på samfunnsproblem både nasjonalt og globalt. Eg har min praksisperiode hos avdelinga LFI, Laboratorium for Ferskvannsøkologi og Innlandsfiske, som driv med forsking, overvaking, undersøkingar og tiltak innanfor ferskvatnsøkologi, med spesiell kompetanse på laksefisk og botndyr.

Mine arbeidsoppgåver går ut på å analysere filmklipp frå eit kamera satt opp ved ei fisketrapp i Arnaelva. Her skal eg registrere vaksne laksefiskar (laks eller aure) som sym forbi kameraet, og om dei beveger seg opp eller ned fisketrappa. Før eg byrja tenkte eg at det kunne kanskje bli vanskeleg å sjå forskjell på laks og sjøaure, men eg fekk tilsendt fleire testar meint for å teste/informere fiskarar, og etter dette virka det mykje greiare. Eg har også fått mykje betre kontroll etter å ha jobba med dette i fleire timar.

Eg fekk tilgang til filmklippa på ei eiga nettside, der klippa er delt inn i album ut frå kva dato klippa er frå. Nokre av desse albuma inneheld 5-10 sekund klipp tatt jamt gjennom heile døgnet, så det kan ta si tid å komme seg gjennom eit heilt album. Kameraet byrjar å filme når det registrerer rørsle, så i dei fleste klippa er det berre blad som flyter forbi med straumen. Heldigvis har kvart klipp eit bilete som viser kva som har utløyst filminga slik at ein ikkje treng å klikke seg inn på kvart einaste klipp (Figur 1). Det er også ein del parr, ungfisk av laks og aure, som sym forbi kameraet, men sjølv om dei ikkje skal registrerast klikkar eg meg ofte inn for å sjå sidan dei er så søte (Figur 2).

Figur 1. Fillageret med filmklipp (LFI) 

Figur 2. Ein søt liten parr (LFI)

For kvart klipp som inneheld ein vaksen laks eller aure, skal eg registrere dato og klokkeslett, art,  størrelse, og om fisken beveger seg gjennom fisketrappa og i så fall i kva retning. For laks skal det også registrerast om fisken har feittfinne eller ikkje. Dersom den manglar feittfinne har den blitt fôra opp i et klekkeri og satt ut for å støtte den ville laksepopulasjonen, og har blitt merka før den vart satt ut ved å klippe vekk feittfinna.

Ettersom filmklippa er tilgjengelege på nettet kan arbeidet fint gjerast heimefrå, og treng heller ikkje gjerast på eit spesifikt tidspunkt på dagen. Dermed går eg veldig på sjølvstyr og kan jobbe praksisoppgåver når det passar, noko som er veldig praktisk for ein travel student.

Idun

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *