Å ville vite eller ikkje ville vite, det er spørsmålet 2


Hei og hopp, og velkommen til mitt første blogginnlegget i forbindelse med BIO298 – yrkespraksis i biologi. Eg heiter Vebjørn, 22 år (snart 23, tida flyr skummelt fort

), og er frå den flotte bygda Øystese i Noreg sin frukthovudstad Hardanger. Å vekse opp på i Hardanger har naturlig medført at eg har ete bøttevis, om ikkje badekarvis, med eple så langt i mi levetid. Eg er veldig glad i småfuglar, meinar bestemt taco er ein lørdagsmiddag (Fredag er for pølse og potetstappe, you can’t change my mind), ivrig spelar av dataspel, driv aktivt med skigåing og jogging, og er ein stolt tilhengjar av nynorsk.

Meg på Svalbard som prøve å visa kor alkekongen eg såg kom flygande frå.

I skrivande stund er eg er eg i mitt siste semesteret av ein bachelorgraden i biologi her i Bergen, og planlegg å gå vidare med mastergrad innanfor biodiversitet, økologi, og evolusjon no til hausten. Helst håpar eg å kunne skrive om organismar på land og i ferskvatn. Dette er kanskje ein smule blasfemisk for ein biologistudent i det havfokuserte Bergen, men eg trivst no svært godt med det.

Meg svettande i ca. 1300 meters høgde.

 

Praksisplassen min i BIO298 dette semesteret er på Vilvite, eit moderne vitensenter av internasjonal klasse. Eit vitensenter er eit populærvitenskapeleg senter som lærar folk om mattematikk, naturvitenskap, og teknologi gjennom spennande og morosame aktivitetar. Grunnen til at eg søkte meg hit er at eg har ein forkjærlighet for å formidle som eg har lyst å utforske meir. Gjennom dette semesteret skal eg bl.a. arbeide med å lage innhald til til Vilvite sitt nettilbud VilviteMer. Eg er spent på korleis denne praksisen kjem til å bli påverka av COVID19 pandemien, men eg håpar at eg kan få vere med på noko fysisk formidling i løpet av dette semesteret også. Ein ting som er sikkert derimot er at eg skal gjere så godt eg kan for å formidle fascinasjonen min for evolusjon og økologi.

Fortsettelse følgjer i neste blogginnlegg der eg kjem til å fortelje om mine første 50 timar hos Vilvite. Vil det bli ei ny nedstengning og heimekontor? Blir det noko fysisk formidling? Som Blodstrupmoen sa i Flåklypa Grand Prix «Time vill sjåv».

Vebjørn


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 thoughts on “Å ville vite eller ikkje ville vite, det er spørsmålet