Mine første dagar som biolog


Eg og min med student Cecilie (Cecilie – NORCE) introduserte oss for gruppa på NORCE på deira faste måndagsmøte, der vi seinare fekk eit innblikk i kva kvar enkelt jobba med i veka som kom. For eit imøtekomande og inkluderande miljø vi vart møtt med i frå første stund, ein kunne føle seg trygg med ein gang, og skyte raskt frå hofta om det var noko ein lurte på.
Her kjem det nokre bilde og beskrivingar av kva mine første dagar som biolog hos NORCE gjekk ut på.

Etter å helst og fått eit raskt innblikk i kva dei fleste arbeida med, gjorde vi klart feltutstyr for å vere klare sidan vi fekk beskjed felt oppdrag kom ofte på kort varsel sidan ein venta på lokale vasstand og været for å utføre arbeidet.

Kontrollsjekk at tørrdraktene er tette Bilde: Personleg arkiv

Arbeid på laboratorium: – Vevsprøver

Tillaging av vevsprøver Bilde: Personleg arkiv

Ein kan kartlegge sjukdomstilstanden for forskjellige fiskepopulasjonar ved av å analysere forskjellige typar vev, og her fekk eg mitt første bidrag til arbeidet på NORCE. Eg lagde til vevsprøver av hjarte, gjeller og nyrer (blodrand) som vart sendt til undersøking for ulike sjukdomar. I tillegg til vevsprøver samla vi inn otolittar (øyrestein med vekstringar) og skjell prøver så fiskane kan bli alder bestemte.

Digitalisering
Kontorarbeid, overføring av data frå papirform til digitale arkiv, og systematisere papirformatet betre.

Arbeid på laboratorium: – Lakselus


Funn av lus til venstre, i midten  ser ein skaden lus kan ha på fisken, og til høgre identifiserer eg livsstadium til lusen ved hjelp av mikroskop. Bilder: Personleg akriv

Eg fekk også vet med på meir labratorium arbeid som gjekk ut på å telje lakselus på Sjøaure, som er viktig for å få kartlagt kva populasjonar som er hardt prega av parasitten. Teljinga gjekk føre seg ved å leite fram lusa på fisken ved hjelp av lupe og mikroskop. Lusa skulle også kartleggjast til kjønn og til eit av dei fire livsstadia: copepoditt, chalimus, pre-adult og adult.

Merking av Smolt hos Vossklekkeri

Smolt hos Vossklekkeri. Bilde: Personleg arkiv

Hos Voss klekkrei fekk eg vert med på merkings prosessen av smolt. Her var hovudoppgåva mi å klippe av fett-finnen til smolten, og klar gjorde dopa fisk for merking. Dei vart behandla med dop for å redusere deira bevegelse, så det vert lettare å merke dei og skade dei minst mogleg. Den dopa fisken med fett-finnen fjerna, vert sendt vidare til innsetting av PIT-merke (passive integratied transporders), PIT-merke som er i fisken blir så lagra i ein database med eit identitetsnummer, vekt og legde. PIT-merkene kan sporast av antenner ein har plassert ut i fjordar og elvar som kan gi nyttig informasjon om vandringsmønsteret til fisken.

50års jubileum av LFI

Bilde er tatt under 50års feiring av LFI, der forsker, Sven Erik Gabrielsen (til venstre) holder foredrag, med den karismatiske linselusa, konferansieren og fagkonsulent Eirik Straume Normann (til høgre). Foto: LFI arkiv.

Vi var så heldig å få ha praksis under markeringa av at LFI var 50år. Markeringa vart gjort med over 100 gjestar som fekk sjå den engasjerte gjengen frå LFI holde foredrag frå morning til middag om alt det forskjellige gjengen frå LFI har gjort og driver på med no. Alle av dagens gjestar vart kraftig imponert av fliden og engasjementet til forskargruppa. Vi studentane fekk også ein unik moglegheit til å møte mange av aktørane innafor fiskemiljøet i Norge, og ikkje minst nyte hotell bufféen til lunsj og middag, haha.

Det har vert ein knall start i praksis opphaldet mitt, og eg gledar meg til fortsettelsen!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *