Takk for meg! 1


Då var praksisperioden min ved LFI dessverre over. 140 timar høyrdes ut som mykje i førsten, men eg fant raskt ut at det ikkje er mykje når ein har det kjekt, for dette har gått alt for fort.

19433663_10154461322726507_513086198_n

Bilde frå eit utkikkspunkt i Aurland, der vi var på rognplanting

Før eg byrja å skrive dette innlegget såg eg litt tilbake på det første innlegget eg skreiv i haust. Då var eg spent før eg skulle byrje og hadde mange forventningar. Grunnen til at eg hadde lyst til å jobbe ved LFI var fordi eg syntest arbeidsoppgåvene høyrdes ut som noko eg kunne like. Eg håpte på å få prøve meg både på kontoret og i felt. I tillegg syntest eg det verka spennande å lære meir om ferskvassøkologi, då dette er noko eg synest har mangla frå studiet. Dette var også kanskje noko av det eg var litt nervøs for – manglande fagkunnskap om artar habitat i ferskvatn.

Dette har derimot ikkje vore eit problem. Alle på LFI har tatt meg og Kristina godt i mot og har vore flinke til å både svare på spørsmål, og å fortelje om ting eg ikkje visste eg lurte på. Alle er tydeleg opptatt av og engasjerte i det dei arbeidar med, og er glade i å fortelje om det dei jobbar med.

Vi har fått vore med og lært mykje som eg føler eg har hatt stort utbytte av. Ikkje berre reint fagleg, men også praktiske evner. Som å finne gode informasjonskjelder på nett, PIT-merke laksesmolt, plante lakserogn, leite etter naturlege gyteplassar, kva ein skal tenkje på når ein skal lage sidebekkar med gyteplassar og å knyte halvstikk. Sistnemnte har eg lært x antal gongar i livet mitt og vil mest sannsynleg gløyme det ganske raskt igjen.

I løpet av våren har vi hatt fleire møter med alle som tek BIO298 for å snakke om korleis praksisen går og kva vi gjer hos dei ulike praksisvertane. Det er fleire som har deltatt i prosjekt og fått erfaring med å planlegge og gjennomføre prosjekt. Vi har fungert meir som assistentar, og har hatt lite med planlegging og gjere. Dette er kanskje erfaringar eg gjerne skulle hatt. Samtidig synest eg det er vert det, fordi vi har fått vore med på så mykje forskjellig og sett mange ulike måtar ein kan jobbe som biolog på.

 

Totalt sett vil eg sei at forventingane til dette faget har vorte innfridd. Eg sitt igjen med erfaringar eg aldri ville fått i andre, ”vanlige”, fag på studiet. Gjennom eigen praksis, å høyre om kva dei andre studentane har gjort i praksis og informasjon som har vorte posta på ei eiga facebook-side vi har hatt har eg fått eit mykje betre bilete av korleis det er å jobbe som biolog – eller; korleis eg ynskjer å jobbe. Dersom du, som les denne bloggen, er student og lurer på å ta dette faget vil eg sei; kjør på! Du vil ikkje angre 🙂


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Én tanke om “Takk for meg!

  • Gaute Velle

    Knuter, værmeldinger og monotone forelesninger: rett inn på den ene siden av hodet og full gjennomtrekk. Takk for super arbeidsinnsats gjennom semesteret!