Praksis i NIVA


 

NIVA_logo_norsk-fullt-navn

 

Mitt namn er Helga Øen Åsnes, eg er 22 år og går andre året på bachelor i biologi og dette semester har eg BIO298. Då eg fekk høyre at det var eit fag som var lagt opp slik at ein kunne ta studiepoeng ved å ha praksis i ei bedrift, visste eg med ein gong at dette måtte eg prøve. For korleis kan ein betre lære kva det vil sei å vere biolog enn ved å faktisk prøve det ut?

Eg har fått praksisplass på NIVA, norsk institutt for vassforskning, ved deira regionsavdeling i Bergen. Noko som eg er veldig glad for. Kontoret i Bergen jobbar blant anna med akvakultur, overvaking og optimalisering av vasskvalitet og lokalisering av anlegg og straummålingar. Eg syns det er veldig spennande å få lov til å jobbe på ein slik stad og vere med å sjå kva for arbeid dei gjer. Sjølv er eg inne på tanken om å bli marinbiolog, og om eg ikkje blir akkurat det har eg lyst å jobbe med problemstillingar knytta til akvakultur og det marine liv, så dette passa meg veldig godt!

Allereie same dag som eg fekk vite at eg skulle vere på NIVA fekk eg ein mail frå Åse Åtland som er regionsleiar for NIVA region vest. Der blei vi einige om at eg skulle komme bort til deira kontor som ligg på Marineholmen (mellom biologen og VilVite) fredag 5. februar. Eg syns det var veldig spennande å skulle møte dei så fort og eg var ganske nervøs når eg var på veg til møtet. Men det gjekk veldig fint og eg blei tatt godt i mot. På møtet fekk eg litt orientering om noko av det eg skal få vere med på i løpet av denne våren og helse på nokon av dei som eg skal vere med. Vi blei einige om at eg skulle møte mandag 8.2 for min første dag og vere med ut på felt torsdag 11.02.

Mandagen var eg på kontoret og fekk noko av opplæringa som høyre til eit prosjekt som eg skal jobbe vidare med i vekene framover. Medan eg på torsdagen var ute på felt og var med på å noko som dei kallar ei B-undersøking, som går ut på å teste botnforholda under eit oppdrettsannlegg. Begge desse dagane var veldig lærerike og spennande (eg vil skrive meir dette i seinare innlegg).

Eg har aldri jobba med noko innanfor biologi før og har derfor vore ganske nervøs og spent denne første veka. Men eg har blitt tatt veldig godt i mot og har hatt ei veldig fin første veke ved NIVA og gledar meg til fortsettinga.

 

– Helga

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *