Cecilie blir bonde! 2/4


I førre innlegg sat eg spent på hybelen over forskingsstasjonen og lurte på kva eg eigentleg hadde gått til. No, rundt 50 timar seinare, har eg fått eit ganske godt svar: praksis hos NIBIO Fureneset er alt frå teori og utrekningar – til overraskande mykje… gjødsel.

Dei første dagane starta roleg, med mykje lesing om nitrogensyklusen og husdyrgjødsel. Det var kanskje ikkje det mest spennande der og då, men eg merkar kor viktig det er å ha denne forståinga i botn. Etter kvart fekk eg vere med ut i felt, der vi målte kammer og arbeidde med gjødsling. Då kjende eg for første gong at eg verkeleg var ein del av det eg hadde lese om – ikkje berre ein student som puggar teori. Området rundt forskingsstasjonen er også nydeleg, med fjell og natur på alle kantar, og det gir litt kjensla av å vere på ein gard – berre utan dyra. Eg har til og med fått eige kontor, noko som gjer det lettare å følgje opp arbeidet.

Eg fekk vere med å gylle med husdyrgjødsel og eg trur ikkje det går an å førebu seg på den lukta – den var intens. Samtidig var det overraskande kjekt, og eg kjende litt på den “no er eg bonde”-kjensla. Det er noko heilt anna å faktisk gjere arbeidet sjølv enn å berre lese om det. Eg fekk også lære å vakuumere glass, noko som var enklare enn eg hadde sett for meg, og ein nyttig ferdigheit å ta med vidare.

Etter kvart fekk eg meir ansvar i prosjektet. Eg var med å setje opp område for måling av lystgass, tok jordprøver og jobba med filtrering av prøver frå tidlegare forsøk. Då var eg litt nervøs – det er noko anna å jobbe med ekte data enn øvingsoppgåver, og eg var redd for å gjere feil. Eg merkar likevel at det er ein del av læringsprosessen.

Dei siste dagane har eg brukt mykje tid på utrekningar og analyse. Det har gitt meg eit nytt perspektiv på forsking. Det praktiske arbeidet ute i felt er berre starten – det er i analysen etterpå ein finn svara. Eg har også fått sjå kor mykje arbeid som ligg bak resultata.

Då eg starta praksisen, var eg usikker på kva eg gjekk til. No sit eg igjen med ei kjensle av at eg har lært meir enn forventa – både fagleg og om meg sjølv. Det blir spennande å sjå korleis resten av praksisperioden utviklar seg, og kva eg får vere med på neste gong eg kjem tilbake. Så sjølv om eg kanskje ikkje er heilt bonde endå, er eg i alle fall eit steg nærare.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *