Eg heiter Cecilie og studerer tredje året på bachelor i biologi. Akkurat no sit eg på hybelen eg har fått låne – rett over forskingsstasjonen der eg skal ha praksis hos NIBIO – Fureneset. Det kjennest litt spesielt å sitte her og vite at forskinga skjer bokstaveleg talt rett under meg. Prosjektet eg skal vere med på handlar om korleis gjødsling påverkar både avling og utslepp av lystgass. NIBIO arbeider med tema som matsikkerheit, mattryggleik, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forsking og kunnskapsproduksjon, så det kjennest veldig relevant og viktig å få eit lite innblikk i arbeidet dei gjer.

Samtidig må eg vere ærleg og seie at eg ikkje heilt veit kva eg går i møte. Eg kjenner på både spenning og litt usikkerheit. Dette er første gong eg får oppleve korleis biologisk arbeid fungerer utanfor universitetet. Eg har høyrt ulike erfaringar frå venner som har vore i praksis i ulike fagfelt før meg – nokre har hatt veldig gode opplevingar, medan andre synest det var meir utfordrande. Difor er eg spent på kva side av mynten eg kjem til å oppleve.
På dette første besøket skal eg vere her i tre dagar. Det er ikkje så lenge, men eg håpar likevel at eg får sjå litt av korleis forskingsarbeidet går føre seg i praksis. Eg gler meg til å sjå kva eg kan lære, både fagleg og om meg sjølv. Eg trur nemleg at noko av det viktigaste ein kan gjere i livet er å oppleve og lære nye ting. Kanskje vil denne praksisperioden også gi meg eit klarare svar på kva eg ønskjer å jobbe med i framtida.

Då eg fekk vite at eg kunne ta faget BIO198, vart eg veldig glad. Eg begynte nesten med ein gong å tenkje på kva slags arbeid eg kunne tenke meg i framtida, og kva eg burde prøve for å finne ut om det passar for meg eller ikkje. Det var mange moglegheiter å velge mellom, og det var faktisk ganske vanskeleg å plukke ut dei tre eg var mest interessert i. Samtidig trur eg at uansett kva eg hadde valt, ville eg lært noko nytt – både om meg sjølv og om biologi som fag.
Målet mitt for denne praksisperioden er først og fremst å lære så mykje som mogleg. Samtidig ønsker eg å gjere eit godt inntrykk og bidra så godt eg kan der eg er. Erfaringa mi med å arbeide som biolog kjem stort sett frå feltkurs og laboratoriearbeid gjennom studiet, så eg er veldig spent på korleis dette vil samanlikne seg med arbeid i ein forskingsinstitusjon.
No startar praksisen i morga – og eg er klar for å sjå kva som ventar meg. Som Julius Caesar ein gong sa: “Experience is the teacher of all things.”