Fødd til å spyle drit? 3/4


Etter rundt 100 timar i praksis sit eg igjen med kanskje litt fleire spørsmål enn svar – og det er eigentleg heilt greitt. Eg har sidan sist gjort mykje av det same: gylle, jordprøver, utrekningar og analysar. Eg vart fortalt at eg er “fødd til å gylle”, men sanninga er vel heller at eg er i ferd med å finne ut kva eg ikkje er fødd til.

Praksisen har ikkje nødvendigvis gjort meg meir nysgjerrig på akkurat dette fagfeltet, men den har gjort meg meir nysgjerrig på andre delar av biologien. Samtidig har eg innsett at biologiarbeid ikkje alltid ser ut slik ein kanskje forventar. Sjølv i eit forskingsprosjekt kan oppgåvene vere svært praktiske – som til dømes å gylle. Nokre gongar kan det kjennast meir som ein er gardsarbeidar enn biolog, men eg forstår no at dette er ein viktig del av forsøket. For å få pålitelege resultat må alle delar av prosessen gjennomførast, også dei som ikkje liknar klassisk “biologiarbeid”. I dette prosjektet har eg verkeleg sett kor viktig det er å bidra i alle ledd, sjølv om det ikkje alltid følast like fagleg der og då.

Sjølv om mykje av arbeidet har vore prega av repetisjon og rutine, ser eg tydeleg verdien av det. Frå biologien veit eg at forsøk må repeterast for å vere truverdige. Jo fleire repetisjonar jo betre. Det å gjere dei same oppgåvene fleire gongar gir derfor meining i ein forskingssamanheng. Eg har også fått innblikk i korleis forsking ofte er eit samarbeid på tvers av fleire ledd, der prøver blir sende vidare, analysar gjort andre stader, og resultat delt mellom fleire. Det er sjeldan éin person som står for alt arbeidet.

Ein av dagane jobba eg sjølvstendig på lab med å filtrere jordprøver. Eg merka kor mykje tid som går med til klargjering og opprydding – ting ein kanskje ikkje tenker så mykje over. Samtidig var det veldig kjekt å få jobbe åleine og kjenne på meistring. Då eg fekk spørsmål om korleis det gjekk, og kunne svare at alt gjekk bra utan å ha noko særleg behov for hjelp, kjende eg meg faktisk litt stolt.

Alt i alt har praksisen kanskje gjort meg litt meir usikker på kva eg vil – men samtidig meir bevisst på kva som passar for meg. Eg kjenner at eg har lyst til å utforske arbeid med dyr eller insekt, og håpar eg får moglegheit til å prøve det seinare. Samtidig har eg forstått kor viktig det er å teste ulike retningar undervegs. Ein treng ikkje ha alle svara med ein gong – det handlar like mykje om å finne ut kva ein ikkje vil, og gradvis snevre inn vala sine.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *