Blogg 1/4: Snart Vintertokt 2025! Refleksjonar rundt meg og mitt før 2-veker i Barentshavet


 

Stor komfort med og interesse for havet har eg hatt heile livet! Nokon smigrande fotomodell har eg derimot aldri vore 😛 (Privat foto).

Hei!

Eg heiter Trym, og er tredjeårs student her ved UiB på bachelorprogrammet I Biologi. Som eit av tre valfrie emner sjette semesteret valgte eg BIO298 som valfag, fordi eg fekk meirsmak etter eg tok BIO299 ifjor og var ein av åtte kjempeheldige søkarar som fekk vere med Havforskningsinstituttet sitt Vintertokt i 2025, som blir då blir min yrkespraksis-plass! For min del er praktisk erfaring med havet og det som lev i det sjølve grunnen til att eg valte biologi-utdanninga mi; Det å vasse gjennom tang og tare etter eremittkreps, dra opp trollgarn med Bestefar eller ta på seg dykkeutstyret og observere korleis livet under vatn faktisk er, gjev meg uendeleg mykje glede og ro. I skulen har også lab-forsøk og feltarbeid vore semesteret sine høgdepunkt for min del, då biologien ikkje berre er ord i ei bok, men noko konkret å ta, føle og lukte på og relatere kunnskapen sin til. Dette er i mine auge det aller viktigaste eit biologi-studie kan tilby ein student og framtidig naturforskar, og har lenge vore min hovudmotivasjon til å bli ein marinbiolog sjølv! Sjølv om ein biolog og forskar sin arbeidsdag som oftast hovudsakleg består av dataregistrering, statistikk og modellering, er dette arbeidet lite verdt viss du ikkje har faktiske levande dyr og økosystem å knytte dei til!

Eg har heldigvis også ein del praktisk erfaring med biologi frå jobb også! Sumaren 2024 jobba eg som yrkesdykkar/akvarist ved Atlanterhavsparken med ansvarleg for vedlikehald av akvarium, formidling til publikum og stell/fòring av alt frå oter til steinbit. Vidare har eg også jobba deltid som assisterande dykkeinstruktør, der det å forhalde seg til det våte element på ein sikker og klar måte, slik att elevane held seg trygg og roleg i møte med alt frå tidevatn til taskekrabber. Men dette skiljar seg tydeleg frå forskingsarbeidet eg no skal fordjupe meg i! Me skal hovudsakleg jobbe med botntrål og prøvetaking av fisk, der fangsten frå individuelle fangstar kan vege hundrevis av kilo! Alt dette skal gjerast med stor presisjon og iskalde forhold ute på sjøen, langt unna nærmaste tegn på sivilisasjon!

Eg har allereie vore særs heldig med tidlegare praksis i biologi, både her på Universitetet og ellers! Her er eit blinkskot frå sumarjobben i 2024 på Atlanterhavsparken i Ålesund der jobben min var yrkesdykkar, akvarist og verdens mest bartete Disney-prinsesse. (Privat foto).

Med tanke på korleis praksisen blir, forventar eg att det i starten kan kjennes utfordrande og slitsomt. På båten blir det lange vakter, splitter nye og omfattande arbeidsoppgåver, alt dette på eit hypermoderne forskningsskip på opent hav, helt til 78 grader nord!. Dei første dagane vil nok hovudsakleg bli brukt til å bli vandt med alle dei nye rutinane, og suge til seg alt som kan høyres ut som nyttig informasjon. Eg har jobba titalls timar med måling, analyse og dissekering av sjødyr via Universitetet og brukt fleire veker på sjøen i barndommen, men dette her føles fortsatt ukjendt og litt skremmande ut. Dette blir 12 dagar utelukkende på havet med seriøs forskningsarbeid som delvis brukast til å bestemme kvotene til ein av Noregs største og viktigste fiskeri, nemlig torsk og hyse! Sjølv om toktledarane og teknikarane eg har snakka med og møtt har vore kjempehyggjelege og særs flinke til å informere, er eg fortsatt litt nervøs for å gjere feil eller vere I vegen for dei faktiske fagfolka! Men skitt au! Eg er her oppe for å lære, by på meg sjølv og bidra til forsking, og dei valgte meg til toktet av ein grunn! Dette blir særs kjekt, veldig spennande og eit fantastisk minne for livet!

Ikkje dumt å starte reisa nordover med den finaste flyturen eg har opplevd! Når vi letta frå Tromsø to timar seinare, såg vi knapt dagslys før flyet ned igjen to veker seinare! (Privat foto).

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *