Dei siste tre dagane har vore lange og innhaldsrike. Flyreisa gjekk som smurt, sjølv om det var eit sjokk å ta det fyrste steget ut i knusktørre -13˚C i Longyearbyen. Båten – Kronprins Haakon – er over all forventing. Lugarene er store, med eige bad og TV, det er treningsrom, sauna, og opphaldsrom med godstoler. Måltidene er utruleg gode og varierte – i tillegg er det tilgjengeleg mat og snacks heile tida. Dette er spesielt fint når ein kjem av skift klokka 04 på natta og er skrubbsvolten.
Kvelden me ankom vart det berre testtråling utan fangst, so me satt i fellesstova og vart kjende, spelte Trivial Pursuit og spurte aaaalle spørsmåla som har brent inne. Folk kan så mykje og er trivelege å prata med – so eg gler meg til å verta betre kjend med dei.
Og det kjekkaste har jo vore å verta kjend med folk, og me har raskt kome inn i ei slags boble med rutiner. Skifta mine er frå 12-16 og 20-04, som eg har funne passar meg godt! Så langt har ikkje døgnrytmen vore noko problem – men det trur eg handlar meir om adrenalinnivået mitt. Eg og Astri er som ungdomsskuleelevar på vår fyrste klassetur, alt er nytt og spanande – me kan knapt tru me faktisk har fått denne moglegheita.
Dei to fyrste skifta med fangst var ikkje før dagen etter ankomst, og det var kjempespanande og gøy å oppleva fyrste trålfangsten. Eg og Astri jobbar saman med to godt rutinerte folk frå Havforskningsinstituttet – Malin og Erlend – og dei var veldig tolmodige og flinke til å læra vekk. Me går ut på dekk for å ta i mot trålfangsten og ber det inn på våtlaben for sortering og sjølve målingane me gjer. Det er alt frå lengde, vekt, kjønn, gonadevekt, til otolittprøver eller heile fryseprøver – alt etter kva art det er. Det var intenst, travelt og enormt lærerikt. På slutten skifta fekk me til og med litt meistringskjensle over teknikkane og artsidentifisering, og det var oppløftande å merka at 12 timers arbeid på eit døgn ikkje er så gale. Desse to fyrste dagane har eg kjent på mykje adrenalin, glede og spenning over opplevinga i denne bobla.
Fangsthøgepunktet var ein gigantisk blåsteinbit, og som kystbarn har eg ei viss respekt (frykt) for steinbiter spesielt. Me fekk dessutan også ein havedderkopp!!! Veldig kul, den skal med heim😉 Eg er spent på dei neste dagane, og føler meg veldig heldig som får vera med på dette. Ei lita bekymring er sjøsjuke, og sjølv om båtvugginga er fin no har eg preventativt tatt reisesjuketablett.