Velkommen til det siste blogginnlegget frå min yrkespraksis på Vilvite! Eg er snart ferdig med dei 150 timane med yrkespraksis, og eg sit igjen med både verdifull erfaring og ein heilt ny jobb! Det stemmer, eg fekk jobb hos Vilvite som vitevert! Eg byrjar offisielt etter sommarferien! Dette er faktisk den første jobben min så eg var veldig spent då eg søkte, men eg fekk det til!
Dei siste vekene har eg hovudsakleg vore med på Jordlivet, eit program der gjestane får lære om bruk av mikroskop, og får mikroskopiere jord og plantar. Her får dei ofte moglegheit til å sjå mange små insekt og edderkoppdyr.
Me hadde og eit prosjekt som me fullførte 30. mai. Prosjektet gjekk ut på at me skulle lage ein post i Skaparhagen for gjester, under temaet biomangfald. Sidan eg skal skrive masteroppgåve om fuglar, var valet av fokus enkelt: eg ville formidle noko om fuglelivet.
Eg henta inspirasjon frå Charles Darwin og finkane hans på Galapagosøyane, og laga eit eige «spel». Konseptet gjekk ut på at ein skulle matche ulike nebbtypar med riktig type mat. Det var ein enkel, men veldig visuell måte å vise korleis evolusjon og tilpassing fungerer i praksis. Her ser de bileta eg brukte av dei ulike fuglane og maten deira:


Dei fleste av artane er norske, men eg sneik og inn ein uglefroskemunn frå Australia (nedst på bildet til venstre)! Det er litt vanskeleg å sjå på biletet, men eg har fått skikkeleg teken på laminering! Det var faktisk veldig smart at eg fekk bli med på Jordlivet i forkant, sidan eg fekk lov til å hente både meitemark og kongler til dette prosjektet.
Eg har hatt det utruleg fint denne våren og lært så mykje. Eg har blitt utfordra på akkurat det eg ville, som å ta ordet, ta ansvar og stå foran forsamlingar og formidle. I tillegg har det vore fantastisk å bli kjent med så mange nye, koselege folk og bli ein del av eit skikkeleg fint miljø. Eg har ikkje blitt heilt overbevist om å bli lærar, men eg har blitt mykje tryggare i rolla som formidlar enn det eg var før praksisperioden, og det er definitivt ein eigenskap eg kjem til å ta med meg vidare.
Alt i alt har desse (snart) 150 timane med yrkespraksis vore ein kjempesuksess. Eg vil gjerne rette ein stor takk til både Vilvite og UIB for denne moglegheita. Tusen takk for ein fantastisk praksisperiode, eg ser verkeleg fram til å halde fram som tilsett til hausten!