Eit studium i Voldsfjorden: der blåskjel og purpursniglar møtest


Eg har lenge vore fasinert av livet i fjøresteinane og har gjennom heile livet vore så heldig å få vere tett på dette yrande dyrelivet. Mitt namn er Marte Elise Rørstad og eg har vekse opp ved Voldsfjorden og Austefjorden. Dette semesteret har eg fått høve til å oppsøke spanande interaksjonar i fjøra, gjennom eit prosjekt i BIO299. Med dette innlegget håper eg å motivere fleire til å ta BIO299 og kanskje til og med tørre å delvis styre sitt eige prosjekt gjennom emnet.

Det heile starta med ei oppgåve på hausten i 2023, der vi skulle undersøke dynamikken mellom purpursniglar og blåskjel, opp mot ein saltgradient. Dei fleste har nok høyrt om blåskjel, men purpursnegle var i alle fall ein ukjend organisme for meg. Dette kom overraskande på, då eg trudde eg hadde god kontroll på artane i fjøra. På slutten av hausten skulle eg finne svaret på kvifor eg ikkje hadde sett eller høyrt om denne snigelen før. Eg fekk tilbod om å halde fram med prosjektet gjennom BIO299, under rettleiing av Øystein Varpe. Eg har ikkje blitt med på eit pågåande prosjekt der eg skal følge rettleiar på det han gjer, men fått designa mitt eige, med hans forskargruppe sine idear som grunnlag.

For å gi litt bakgrunnskunnskap så er blåskjel ein musling som trivest på mange plassar langs kysten i Noreg. Blåskjelet kan leve på dei fleste underlag og i dei fleste saltkonsentrasjonar vi møter på i norske farvatn. Purpursnigelen er eit rovdyr som borrar hol i skjelet til ulike organismar får å få tak i næring, som rur og blåskjel. Snigelen er sensitiv til ferskvatn og har difor preferansar for kvar den likar å opphalde seg med tanke på grad av salinitet.

 

 

 

 

 

 

 

Figur 1: Til venstre ser vi blåskjel, og til høgre ser vi to purpursniglar som beitar på rur. Bileta er tekne av Marte.

Området eg har studert er min eigen heimfjord, Voldsfjorden, inkludert tilhøyrande fjordarm som heiter Austefjorden. Fjorden ligg i Volda kommune på Søre Sunnmøre

og strekk seg nesten 30 kilometer. Eg har heldigvis ikkje utført felt-arbeidet aleine. Her har eg fått god hjelp av ein engasjert og kunnskapsrik morfar og ein far som alltid stiller opp på prosjekta mine. Vi har nytta oss av båt inst i fjorden og til fots elles.

 

 

 

 

 

 

Figur 2: Kartet viser området vi har undersøkt, der blå prikkar visar lokalitetane vi har vore på. Mine to hjelparar som leitar etter blåskjel, purpursniglar og andre organismar av interesse. Kartet er koda i R og bileta er tekne av Marte.

Vi oppdaga tidleg at purpursnigelen ikkje var å finne inst i fjorden. Det første funnet av purpursnigelen var ved Furneset, der eg har markert ein «X» på kartet. Blåskjel vart observert fleire stadar inst i fjorden, men det var visse lokalitetar som ikkje hadde blåskjel og heller ikkje purpursnegl. Då forstod eg at eg måtte utvide kva artar eg undersøkte. Eg gjekk frå å ha fult fokus på purpursnigel og blåskjel, til å også sjå om olbogeskjel, blæretang og grisetang kunne vere med på å forme kvar ein finn blåskjel og ikkje. Dette får eg forhåpentlegvis svar på når den endelege rapporten blir skriven.

Frå Furneset og lenger ut i fjorden finn ein purpursniglar på alle lokalitetar, men på dei same lokalitetane finn ein berre døde blåskjel. Det fasinerande var at vi fann mykje blåskjel på flytande strukturar ved dei same lokalitetane. Derfor er det indikasjonar på at det ikkje er saltkonsentrasjonen som skremmer blåskjela vekk frå fjøresteinane. Blåskjel har mange moglege predatorar. Det er derimot ikkje vanskeleg å finne ut om det nettopp er purpursnigelen som har teke livet av eit gitt blåskjel. Snigelen har ei raspetunge som den nyttar til å borre hol i skjelet til blåskjelet og dette etterlet eit synleg rundt hol som vist under.

Figur 3: Blåskjel funne på flytebrygge og teikn på predasjon av purpursnigel. Bileta er tekne av Marte.

Så tilbake til det eg undra på gjennom hausten 2023, kvifor har eg aldri sett eller høyrt om ein purpursnigel før? Jo, som eg nemnde tidlegare trivest ikkje purpursnigelen der det er ferskare vatn. Hamre er den staden eg har brukt mykje tid på gjennom barndommen. Denne plassen ligg berre 2 km frå det inste punktet i fjorden og er dermed prega av mindre salt vatn enn lenger ute i fjorden. Dette betyr at det rett og slett ikkje finst purpursniglar der eg har tusla rundt i fjøresteinane i snart 24 år. Ei lita trøyst var det tross alt..

Men er det slik at ein snigel kan påverke kvar ein finn blåskjel? Det kjedelege og kanskje korrekte svaret: økologien rundt blåskjel er kompleks og det er mange artar som påverkar distribusjonen. Ein kan ikkje med sikkerheit seie at purpursnigelen driv blåskjel vekk frå fjøresteinane, men det er indikasjonar på at ein krabbande predator, som purpursnigelen, kan vere årsaka. Eit litt meir sneversynt svar har eg romantisert i hovudet mitt gjennom dette prosjektet. Og det svaret er, JA! Det er verkeleg slik at nærværet av ein snigel avgjer distribusjonen av blåskjel. Men la det ikkje vere noko tvil, dette romantiserte og sneversynte svaret bør kritiserast.

Ved å ikkje bli med på eksisterande feltarbeid i ei forskargruppe har eg fått større ansvar og høve til å gjennomføre eit prosjekt på eiga hand. Forskargruppa har over fleire år jobba med økologien rundt blåskjel, og har hatt masteroppgåve der delar handlar om blåskjel-purpur interaksjonar. Dermed var mange av ideane og valg av metode lett tilgjengeleg. Ved å ikkje følge ein professor sitt feltarbeid vil det medføre eit stort ansvar med å måtte prioritere og styre si eiga tid. Alt frå planlegging, gjennomføring og etterarbeid har vore opp til meg å styre når eg gjer, med rettleiing sjølvsagt. Dette har også ført til at eg har fokusert mest på det eg synest er kjekkast, å vere ute i felt og undre over korleis samansetninga av artar fungerer. Ekstra kjekt har det vore å få oppsøke heimfjorden min, bli ekstra godt kjend med den og få engasjert delar av slekta på dette prosjektet.

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *