Velkommen tilbake!
Eg har nå jobba på Sars senteret i ein månad. Eg jobber mandag, onsdag og fredag og startar kl 09:30 og er ferdig ca. Kl.16. På Sars senteret er det fleire ulike forskingsgrupper som har sine egne prosjekter. Dei ulike gruppene bruker også forskjellige dyr. Gruppa eg er på bruker Ciona intestinalis eller tarmsekkdyr som det heter på norsk. Tarmsekkdyr er dei næraste virvellause slektningar til virveldyr som gjer dei relevante å bruke som modellorgansimer. Vi ser mykje på nerveceller til desse dyra når dei er i tidlege utviklingsstadiar. Det finnes ulike prosjekter innan den forskningsgruppa eg er på, men felles brukar alle gruppene cionar som forskningsobjekt.
Eg har fått prøvd mykje i løpet av februar og blitt kjent med korleis ein lab drives. Vi har som regel heldt oss på labben der vi har fått utføre diverse molekylærbiologiske metodar. Vi har også reist ut for å samle inn ciona i ein molo heilt sør på Sotra. Cione-habitat er typisk tau ved brygger og langs bryggekanten. Desse måtte bli handtert varsomt for å ikkje øydelegge dei. På turen til Sotra fekk eg også lært kvifor somme kallar dei “Sea squirt”. Dette fordi dei sprutar vatn om ein klemmer på dei (tenker å ta på meg regnbukse neste gang).
Inne på lab har vi fått ulike molekylærbiologiske oppgaver som midi preps. Desse går ut på å klone opp plasmider i E.coil bakterier for å så øydelegge bakteriene Da sit ein att med berre plasmida. Vi har også fått opplæring av diverse oppgåver som alle gjør for å velikeholde labben. Dette gjekk ut på å mate dyra, lage til agarose-plater, filtere kunstig sjøvann og å handtere avfall. Vi har også fått opplæring i diverse maskiner og mikroskoper.Det er veldig spennande å sjå på dyra med mikroskopa for å visualisere cellekjernene i nervecellene.
Eg ser fram til sjå kva meir yrkespraksisen har å by på resten av semesteret!