Eplesider NIBIO Lofthus 1/4 1


God dag, og velkommen til mitt første blogginnlegg. Eg heiter Kaj Hereid Myklatun, og går siste semester av bachelor i Biologi. Eg var heldig og fekk førstevalget mitt på praksisplass hjå NIBIO på Lofthus, i avdeling Eplesider dette semesteret.

Lofthus ligg i Hardangerfjorden, 40 min køyring frå mi eiga heimbygd Eidfjord. Hardangerfjorden er kjend for å lage god eplesider/hardangersider. Grunna eigen siderproduksjon, og interesse for vidare utvikling, hadde eg lyst å få praksisarbeid hjå NIBIO Lofthus for å lære meir. Meir om kva som skapar dei ulike smakane i ein sider, kva som får smakane til å utvikle seg, korleis ein skal lagre og prossesere eple på best mogleg måte, og om alt anna rundt det å lage, lukte, smake og selge sider.

 

Bilete 1 og 2:
Eple-kverning og pressing . Privat sider-produksjon

Eple-kverning og pressing . Privat sider-produksjon.

NIBIO står for Norsk Institutt for Bioøkonomi. Som navnet tilseier så er det eit veldig breidt spekter på det dei driv med. På Lofthus forskar dei på alt ifrå pollinatorar og eple, til jordsmonn og sopp på frukttre. Det er fleire NIBIO forskningsstasjonar rundt om i Norge, som driv med andre forskningsprosjekt, og andre tema. Mange jobbar ilag om eit tema, mange stasjonar jobber for eksempel med eple, men NIBIO Lofthus er dei einaste i landet som driv med eplesider.

 

 

 

 

 

I neste bloginnlegg skal eg vise korleis me starter/driver den einaste sensorikk-labben i heile Norge, altså sidersmaking. Og kva testar og analysar me har gjort av sider frå ulike produsentar.

Klargjøring av lukt-test «feil i sider» (NIBIO). Eit lite hint til neste blogginnlegg.

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Én tanke om “Eplesider NIBIO Lofthus 1/4