Tredje blogginnlegg


Heisann!

Då er eg i gang med praksis igjen etter ei lang eksamensperiode. Eg hadde jobba mange av dei 140 timane før eksamen, derfor er det ikkje så mange timar igjen, dessverre.

19369587_10154455955086507_1436324967_n

Her sitt Christoph å tel lakselus, medan eg noterar

Dei første dagane brukte eg og Kristina på å fullføre arbeidet med funksjonell biodiversitet hos evertebratar i vatn, som eg nemnde i forrige innlegg. Dette har vore meir omfattande enn først antatt, men no har vi sagt oss ferdig og fornøgde med det. Det er ikkje akkurat lett å finne akkurat den informasjonen ein er ute etter for den eksakte arten, og vi har fått god trening på å leite etter kjelder.

Seinare fekk eg vere med ut til Herdla på Askøy for å vere med på lakselusteljing. Dette er data som vert sendt til HI og er med på å kartlegget omfanget av lakselus-smitte på ville sjøaure. Vi var med ut i båt og henta inn aurer som hadde vorte fanga inn med ruser, deretter tok vi dei opp på land, bedøvde dei og tal antall lakselus. Eg må sei eg vart overrasska over antallet lakselus per fisk. Ein høyrer jo stadig om problema med lakselus frå oppdrettsnæringa, men å sjå skadene på finner og hud kom litt som eit slag i ansiktet. Mange av fiskane hadde 100-200 lakselus og store skadar av at lusa har spist på huda. Dette, i tillegg til anna vi har sett i løpet av praksisperioda, har gjort det vanskeleg for meg å sjå på lakseoppdrett som ei bærekraftig næring.

Dei siste dagane har eg vore med ei som skriv masteroppgåva si ved LFI, Agnes (som forøvrig også har tatt dette praksisfaget), for å hjelpe ho. Dette har også føregått ute på Herdla. Dette prosjektet går ut på å registrere kvar i vassøyla lakselussmitta ajøaure oppheld seg. Hypotesen er at dei med stor smitte oppheld seg lenger oppe, der saliniteten er lågare og kan på denne måten minimere vasstapet. I marine habitat er saliniteten gjerne høgare i miljøet rundt enn inne i fisken, derfor vil vatn diffundere ut av fisken ved osmose. Dette vasstapet vert større når fisken har opne områder i huda, som resultat av luseskader. Vi henta fisken frå dei same rusene som vart brukt i lakselusteljinga, bedøvde dei og merka dei. Merkinga vart gjort på ein liknande måte, som vi gjorde med PIT-merking av laksesmolten i Voss, berre at denne gongen sydde ein også igjen såret. Deretter talde ein lakselus, målte og våg fisken, før vi slapp den ut i ei heimesnikra ruse.

19389515_10154455954921507_1264966982_n

Merda som dei merka ørretane vert slept ut i. På sidene heng sensorar som registrerar kvar i vassøyla fisken befinn seg.

 

Det har vore veldig kjekt og lærerikt å få vere med å sjå korleis ein kan gjennomføre ei masteroppgåve og også få høyre litt om prosessen med å søke på master og å finne ei passande masteroppgåve. Tidlegare har eg sett på dette med master som litt skremmande, men no kjenner eg at eg gler meg til å komme i gang med det sjølv! Det verkar veldig spennande å skulle setje opp og utføre slike forsøk på eiga hand. Det er mange ting som skal klaffe, og dersom ting ikkje går som planlagt er det deg sjølv det går ut over. I går fekk vi merka heile 8 fisk, men i dag var rusene tomme. Børge, som køyrer båten, sa vi må be om sønnavind til i morga, då håper vi på fulle ruser!

19250924_10154455978751507_1775972582_n

Agnes som opererar inn eit merke i buken på fisken. I den svarte bøtta er det vatn med bedøvelse i som går gjennom slangen og inn munnen på fisken.

19357634_10154455955121507_1407393791_n

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *