Etter fyrste møte med Havforskningsinstituttet 1


Hei, eg heiter Sunniva, er 21 år og kjem frå Nordfjordeid. Eg er på siste semesteret mitt på Bachelor i biologi. Etter å ha gått tre år på biologi er eg klar for å prøve meg på biologi i praksis. Har sakna litt det å få informasjon om korleis biologi eigentlig funkar i praksis, og er derfor veldig spent på å endeleg få sjå korleis arbeidslivet til ein biolog kan vere.

Havforskningsinstituttet er Noregs største marine forskningsmiljø og forskar på mykje interessant.  Hovudansvaret deira er å forske for å kunne gje råd til det offentlege om akvakultur og økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Eg hadde mitt fyrste møte med Havforskningsinstituttet i forrige veke, der eg fekk møte dei som skulle vere ansvarlig for praksisen. Det var litt forvirring om kva oppgåve eg eigentlig skulle få, sidan dei trudde eg skulle ta det same som ei anna, medan eg hadde spurt om å få ein anna oppgåve. Eg veit derfor forsatt ikkje heilt kva oppgåve eg kjem til å få medan eg er der, men vi skulle møtast om to veker for å planlegge både oppgåva og arbeidstider.

Gledar meg til neste møte, og å lære meir om Havforskningsinstituttet


Legg igjen en kommentar til Gro I. van der Meeren Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Etter fyrste møte med Havforskningsinstituttet

  • Gro I. van der Meeren

    Hei Sunniva. Vi skal stå på for å gi deg en god erfaring denne våren, selv om det av ymse grunner ikke var en klar plassering for deg da du kom første gangen. Det skjer mye her og ting kan virke uoversiktlig for noen og enhver. Men dette går seg til.

    Velkommen er du.

    Mvh

    Gro