Innlegg nr. 3; Lakselus og meir


Hei igjen

 

Sidan sist har eg fått vere med på masse nytt. Det har blitt endå meir merking, bl.a. på Dale. Her har me merka smolten både på klekkeriet og dei som har kome i smoltfella som er sett opp i Daleelva. Det var og gått mykje aure i fella. Desse måtte me skilje frå laksen fordi laksen skulle behandlast middel mot lakselus, medan auren berre skulle merkast. Eg har jo lest om ulikheitane mellom aure og laks, men det finst jo ingen regel utan unntak, og i naturen er det eit mangfald av unntak. Om det ikkje var vanskeleg nok i utgangspunktet har dei no funne at laks og aure gyt saman, noko som fører til hybridar. Om eg ikkje er ekspert enno, lærte eg enormt mykje desse dagane. Etter ei stund klarte ein å leggje vekk reglane frå læreboka, ta eit skritt tilbake og sjå på heilheiten i stadan for å berre så på pigmentering, finner osv.. Dette gjorde underverker. Det lettaste var å sjå dei oppifrå i ei kvit bakke. Laksen har større og litt mørkare pigmenterte brystfinner enn auren, i tillegg til at dei hadde litt ulik åtferd.

 

På dette biletet er det 20 laks og 2 aurar. Kan du sjå dei?

Raud er laks og grøn er aure. På biletet er det 20 laks og 2 aurar, kan du sjå dei?

Raud er laks og grøn er aure.

I tillegg har det hendt noko skikkelig spanande. Eg synest lakselusproblematikken er utruleg interessant og kunne verkelig tenkje meg å skrive master på noko relatert til lakselus. Etter å ha lufta dette for sjefen på LFI har eg fått tilbod om å skrive master på lakselus hos dei. LFI deltek på Havforsknigsinstituttet si årlege lakselusovervåking, NALO, som har som målsetjing å kartleggje smittepresset på vill laksefisk langs heile norskekysten. I den samanheng har dei eit team som tel lus på Herdla, som eg no skal få bli ein del av. Vidare skulle me prøve å formulere ei oppgåve som kunne relaterast til arbeidet som vert gjort her.

 

De ulike livsstadia til lakselusa. Biletet er henta frå vetinst.no

Dei ulike livsstadia til lakselusa. Biletet er henta frå vetinst.no

For at eg skal kunne vere med å telje lus i overvåkingsprogrammet til Havforskningsinstituttet måtte eg ta eit kurs i lakselusteljing, i regi av Havforskningsinstituttet. Grunna relevans til masteroppgåva mi fekk eg den einaste kursplassen som LFI hadde vore tildelt. Føler meg enormt privilegert! Kurset vart haldt over 2 dagar, med kurs den eine dagen og eksamen neste dag. Kursdagen var ein blanding av teoretisk informasjon og øving i teljing på fisk på lab. Eksamen var todelt, med ein teoretisk del og ein praktisk del. Den praktiske delen var heilt klart den vanskelegaste. Her skulle ein skilje dei ulike livsstadia på lusa, og telje antal. Ca ei veke seinare fekk eg ein mail med gladmeldinga at eg hadde bestått kurset med glans. No var alt klart for å kome i gang med luseteljinga.

 

Når det gjeld masteroppgåva mi har me kome fram til at det hadde vore interessant å prøve å sjå på kor vanleg det er at sjøauren søkjer ferskvatn på sommaren for å avluse seg. Sjøauren er nemlig hardare ramma av lakselusen enn laksen, ettersom han ikkje vandrar heilt ut i ope hav slik laksen gjer, men blir igjen i fjorden heile sommaren. Dette med tilbakevandring til ferskvatn for avlusing er visst noko som er forska lite på, noko som gjer det endå meir interessant å finne ut meir om.

 

No gler eg meg berre til å kome i gang med arbeidet!

 

– Agnes Marie

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *