Kjekt og lærerikt hos NIVA


Gjennom praksisperioden min har eg, som dykk kan sjå på dei andre blogginnlegga, fått vere med på mange ulike prosjekt, både på lab og ute i felt. Før praksisperioden visste eg ikkje heilt kva eg skulle forvente, men eg håpa på å lære meir om ulike problemstillingar knytta til akvakultur. Eg håpa òg på å få vere med å sjå og prøve ut ulike arbeidsoppgåver ein kan ha som marinbiolog. No i ettertid føler eg at eg har så absolutt har fått innfridd desse ønska.

Eg har fått vere med på veldig ulike prosjekt der nokon har vore tilknytta akvakultur og andre ikkje. Dette synast eg har vore veldig fint og eg føler at eg har fått eit mykje betre innsyn i ulike arbeidsoppgåver ein kan ha når ein jobbar for ei slik bedrift. Dette synast eg har vore veldig kjekt og eg har lært veldig mykje av det, i tillegg har det gitt meg meir motivasjon til lesinga på andre fag fordi eg har fått mulegheita til å sjå kva jobbar utdanninga kan føre til. Eg har på denne måten også fått mulegheita til å sette kunnskapen inn i ein større samanheng, samanlikna med når ein berre leser om det i pensum, noko som gjer at det følast meir nyttig. I tillegg blir det lettare å hugse når ein har noko praktisk å koble teorien saman med. Eg har ikkje sakna noko spesiell type kunnskap undervegs, fordi  dei eg har vore saman med har vore veldig hyggelege og hjelpsomme og eg har alltid fått hjelp og svar på spørsmål om det har vore noko.

Eg synast det har vore veldig kjekt å få denne mulegheita og eg synast at kvardagen som biolog verkar veldig spennande og variert. Eg har alltid vore opptatt av korleis vi mennesker påverkar naturen rundt oss, og det er noko eg har tenkt mykje på desse vekene. I løpet av denne tida har eg fått vere med på, blant anna, prosjekt kobla til botnundersøkinga under oppdrettsanlegg, bevaring av Vossolaksen og å sjå korleis folk byggjer landbaserte oppdrettsanlegg av resirkulerbare materiale. Dette har gjort at eg har tenkt litt ekstra over dette med miljøhensyn og på at eg har lyst til å gjere arbeid som bidreg til meir miljøvennlege løysingar i framtida.

DSC_0981

Bilde frå besøk hos Slantevika kveitebruk.

Så då vil eg runde av mi vesle bloggkarriere med å takke for meg og anbefale alle som har mulegheita til kunne ta eit slik praksisfag å gjere dette!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *