Tokt i Sognefjorden


Desember allereie?! Kvar har semesteret blitt av? Tida har jo berre susa avgarde, men det er vel eit teikn på at ein trivast med det ein gjer. Trivast gjer eg også i BIO298, og iveren har ikkje minka etter å ha vore ei veke på tokt i Sognefjorden.

Fagre Sognefjorden

Fagre Sognefjorden

Å reise på tokt, då særleg med båt, har alltid vore det eg har sett føre meg at marinbiologar gjer. Nettopp det å reise på tokt, er det eg som liten drøymde om å gjere som framtidig marinbiolog. Agendaen for dette toktet var å filme botnen i Sognefjorden og kartlegge om artssamansetninga langs berghyllene endra seg etter kvar ein var i fjorden. Dette var med andre ord ikkje eit »typisk» tokt med innhenting av prøver og jobbing på lab.

 

20151118_101509

Meg og kameraet som blei nytta til å filme på botnen

Etter ein del tekniske problem med prøvefilming, fiksing og triksing, var spenninga stor då vi skulle gjere første opptak. Det som møtte oss over 1100 meter ned i djupet var noko som kunne minne om eit månelandskap. Skjult i mørket dukka det opp organismar som var meir eller mindre kjende for meg, men som for forskarane som var med, var artar dei kjende igjen med berre eit lite augekast. Jobben som eg og dei andre biologane skulle gjere, var å analysere filmane etterkvart som dei blei filma og logge artane som blei observert. Med mine biologikunnskapar som eg har fått via studiet, klarte eg å setje artane inn i overordna grupper slik som sjøpølser, kreps, reke, fleirbørstemark, sjøstjerne o.s.b, men det var så langt min kunnskap i dei fleste tilfelle rakk. Derimot var eg betre på å artsbestemme dei ulike fiskeslaga som kom med på filmane. Ved å jobbe med forskarar og biologiar som har så mykje kunnskap om det ein jobba med og erfaring at dei t.d. kan artsbestemme ein art utifrå korleis den sumde, gjer til at eg også får lyst å tileigne meg slik kunnskap.

Nokre av skapningane som lev på 1100 meters djupne

Nokre av skapningane som lev på 1100 meters djupne

Det gjev meg lyst å finne ut korleis djupvassartane t.d. klarar å leve under eit så høgt trykk, kva dei et og korleis dei navigera seg fram til føde og make, for ikkje å snakke om dei artane som er faste til botnen og ikkje kan flytte seg frå flekken. Korleis er deira liv? For meg har det vel aldri vore noko tvil om at det var marinbiolog eg ville bli, men no blir det heller vanskeleg å velje kva eg skal jobbe med i mastergrada. Det er jo så mykje spennande som lev i havet! Jo meir kunnskap eg tileigna meg gjennom biologistudiet, for ikkje å snakke om BIO298, vil eg gjerne vite meir og tileigne meg endå meir kunnskap. Kanskje det er forskar eg vil bli?

Til no i BIO298 har eg fått smake på ulike sider av biolog-yrket. Eg har fått vore med på tokt å henta inn materiale, her i form av film frå botn av Sognefjorden, samt å grovsortere botnprøver på lab. Sistnemnde har vore litt einsformig, då eg har gjort det same arbeidet heile tida. Likevel er dette arbeid som høyrer med. Prøvene sortera jo ikkje seg sjølve. Alt i alt ser eg positivt på denne erfaringa eg har fått gjennom denne yrkespraksisen, men den er ikkje over for min del enno. Eg skal nemleg til Trondheim for å jobbe med Sognefjordprosjektet hjå Artsdatabanken, så de vil høyre meir frå meg seinare.

Her kan de sjå ein liten snutt frå tv2 om eit mystisk dyr som vi filma på toktet i Sognefjorden.

vi skrivast!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *