Starten på ei reise langs botnen i Sognefjorden 1


Hei! Mitt namn er Susanne, er 21 år gamal og har no starta på siste året på bachelorgrada mi i biologi, noko som betyr frie studiepoeng. Kva er vel betre å fylle desse med enn fiskebiologi og yrkespraksis i biologi?

Som vestlending har eg vakse opp ved havet og denne underlege verda som finnast under havoverflata har alltid fascinert meg. Etter å ha nytta fleirfaldige timar og dagar i standkanten med nasa retta nedover, vart valet for høgare utdanning enkelt. Det måtte jo bli (marin)biologi. Det å få jobbe med noko ein likar er vel alle arbeidstakarar sin draum, men kva for jobbar kan ein biolog eigentleg ha og kva gjer ein? -Jo, BIO298 vil kunne hjelpe meg å få litt innsikt i akkurat dette.
Frå eg fyrst høyrde om BIO298, visste eg at dette var noko eg ville prøve. Yrkespraksis er jo både gull verdt og eit friskt pust i kvardagen når ein ellers sit i forelesing eller les på lesesalar.     Eg seier då berre -Ja takk, begge delar!

Eg skal arbeide med Artsdatabanken/ Sognefjordprosjektet der ein jobbar med å kartleggje korleis faunaen nede på djupbotnen i Sognefjorden eigentleg ser ut. Arbeidet som eg skal utføre er gitt via UiB, der eg skal jobbe med botnprøver frå Sognefjorden. Dersom timeplanen min tilseier at eg finn tid, kan det vere at det også blir litt tokt(!). I tillegg skal eg besøke Artsdatabanken i Trondheim for å mellom anna sjå korleis resultata frå prosjektet blir nytta, samt å lære mykje nytt. -Tjohei!

Så her er det berre å brette opp armane og setje i gong med arbeidet. Dette blir kjekt!

Martine og eg helsar frå laben

Martine og eg helsar frå laben

Vi snakkast 🙂


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Starten på ei reise langs botnen i Sognefjorden

  • Vigdis Vandvik

    En vestlandsomseiling under havet… Det skal bli spennende å følge deg, både i dypet i Sognefjorden og inn i Artsdatabankens indre!