No er det ikkje lenge sidan me kom heim att – og det har vore merkeleg å koma ut av den sosiale og faglege bobla eg har budd i siste veka. Dette har jo vore eit eventyr utan like, og det aller kjekkaste eg har gjort i heile studieløpet. Samhaldet, det positive miljøet, læringsmoglegheitene og arbeidet – alt har vore enormt gjevande, lærerikt, sosialt, og gøy. Me har følt oss så velkomne og inkluderte på båten av alle, og eg er utruleg glad for at eg valde å søka meg inn på toktet. Eg har aldri vore redd for å stilla dumme spørsmål, og Erlend og Malin har vore så tolmodige, blide, opne for å kjenna oss, og entusiastiske med oss – for ikkja å snakka om kunnskapsrike og enormt villege til å dela det med oss. Stemninga me hadde saman på labben til langt på natta er noko eg kjem til å sakna. For ikkje å snakka om gode samtalar under måltida med Alexander, Matas, og toktleiar Thomas som utan tvil hadde ein million ting å tenkja på og likevel tok seg tid til å preika med oss. Sjølv om eg fekk sett verken kvalar eller håkjerring har denne opplevinga gått over all forventing, og eg skulle gjerne vore med lengre. Det var rett og slett skikkeleg vemodig å reisa heim att, for det eg reiste frå var ei så fantastisk oppleving som eg ikkje ville skulle ta slutt.
Før me reiste var eg mest bekymra for søvn-situasjonen, men for meg personleg viste ikkje det seg å vera noko problem. Mot slutten av toktet merka eg naturlegvis at eg hadde jobba lange skift og sove noko mindre enn vanleg, men eg trur eg både vart van med rutina og syns det var så kjekt og spanande at det overkøyrde det meste. Det har vore skikkeleg kult å jobba med så mykje fisk, eg merkar jo at sjølv om eg ser på meg sjølv som eit teorimenneske så får eg enorm glede og meistring over å få arbeida og læra praktisk med hendene. Dessutan er det fascinerande å sjå artar ein sjeldan ser på campus med eigne auge.
Eg, Alexander, og Matas avslutta turen i Longyearbyen med ein guida tur til ei isgrotte. Ikkje berre var denne turen tyngre og lengre enn me hadde sett for oss, men den vart òg bestilt midt på natta kvelden før på ein bar… Men med godt humør, ull, trugar og ein tolmodig guide kom me oss opp og inn i isgrotta for å inhalera kakao og kasta snøballar på kvarandre. Ei perfekt avslutning på ein once-in-a-lifetime tur.
Ikkje berre har eg fått opplevd dette, eg reiser heim at med lyst til å gjera dette meir, og ei nyfunne interesse i fiskeriforvalting-forskingsarbeid. Dette toktet kan absolutt anbefalast, spesielt om ein er arbeid- og læringsvilleg, har godt humør og tolar fiskeslo. Og så hjelper det å lika å vera vekkreist og avkopla det vanlege livet, me har jo tross alt jobba 12 timar i døgeret på ganske spesielle tidspunkt, så sjølv om det var sjukt gøy så er det på ingen måte noko latmannsliv. Ein må vera førebudd på lange dagar, potensiell sjøsjuke, og arbeid i nattmørkret – men gevinsten er utan like! Uansett er det ein kjempemoglegheit for å læra både fagleg kunnskap, å jobba som biolog saman med biologar, båtlivet, og ikkje minst å finna meir ut om korleis ein sjølv fungerer i slike situasjonar.
Tusen hjarteleg takk til UiB og HI for moglegheita, og særleg takk til Erlend, Malin, og Thomas for gode samtalar og ypperleg kameratskap. Eg saknar det allereie – og denne opplevinga kjem til å sitja i meg dei neste hundre åra.
Vedlagt er bilete av isgalta på sprit og blåsteinbithovudet (yet to be assembled).