Då var eventyret dessverre over. Det har vore ei heilt sinnssjuk opplevelse å få vere med på, og eg er så utruleg takknemleg for moglegheita frå både UiB og Havforskingsinstituttet. Praksisopphaldet overgjekk både forventningar og forhåpningar – og ga meg mykje meir enn eg nokon gong hadde trudd.
Til tross for ein veldig tung start, med heimlengsel og uro for å vere så lenge på ein båt langt frå alt og alle, så gjekk det faktisk bra. Eg fekk tre veldig gode vener og ein haug med erfaring som eg veit kjem til å bli verdifull i framtida. Det tok ikkje så lang tid før eg følte meg trygg, og etter kvart byrja eg også å kjenne at eg meistra meir og meir.
Det som kanskje overraska meg mest, var kor mykje liv det faktisk var så langt nord. Eg hadde ein førestilling om at når ein kom så langt nord, var det stort sett berre store og treige artar som håkjerring som overlevde. Men det viste seg å vere stikk motsatt: Jo lengre nord vi kom, jo mindre blei fiskane – og det var overraskande mange små artar eg aldri hadde høyrt om før. Det var fascinerande å oppdage dette mangfaldet i ein del av verda eg trudde var meir eller mindre livlaus.
Praksisen har definitivt styrka interessa mi for biologi. Eg er blitt endå meir gira på å kunne jobbe med noko liknande i framtida – sjølv om det gjerne kan vere litt nærare heime 😅 Det å få kjenne på kvardagen i eit reelt forskingsmiljø har gjort det mykje lettare å forstå kva eg jobbar mot i studiet, og det gjer at alle timane med teori og pensum kjennest meir verdt det.
Eg kom inn i praksisen med berre eitt semester biologi bak meg, så eg hadde ikkje dei største forventningane til kva eg kunne bidra med fagleg. Eg fekk brukt litt av det eg hadde lært om økologi og næringskjeder, spesielt i samband med mageprøvene, men det som overraska meg mest, var kor lite relevant bakgrunnen min frå nanoteknologi faktisk var.
Labarbeidet om bord var ekstremt annleis frå lab på land. I nanolabben jobbar ein i stille og kontrollerte omgjevnader, med eigne prøver og god tid. På båten var alt hektisk, fuktig og fysisk – og sjølv om det kravde nøyaktigheit, var det ein heilt annan type arbeid. Det tok litt tid å omstille seg til det tempoet og dei praktiske oppgåvene. Men nettopp fordi det var så annleis, fekk eg lære ein ny måte å jobbe på, og eg blei etter kvart meir trygg i det også.
Eg skal ærleg innrømme at eg ofte følte eg mangla ein del grunnkunnskap. Det var mange biologiske omgrep og prosessar eg ikkje kjente til, og eg skulle nok gjerne hatt meir generell biologiforståing på førehand. Men akkurat det blei også ein styrke. Fordi eg måtte stille spørsmål, lærte eg mykje meir enn om eg hadde kome inn med full kontroll.
Som person trur eg ikkje eg har forandra meg så mykje, men eg har blitt mykje tryggare på det eg faktisk kan. Eg har også innsett at eg er mykje meir tilpassingsdyktig enn eg trudde. Det å vere på ein båt i sju dagar, jobbe tett med nye folk, handtere uventa utfordringar og samtidig lære fag – det har vore krevjande, men utruleg lærerikt.
Og igjen, tusen tusen takk til både UiB og havforskningen for muligheten til å være med på ein så sinnsjuk opplevelse.