Blogginnlegg 3/4: Feltarbeid i vakre omgivelser


Då var eg plutseleg passert 100 arbeidstimar! I denne perioden har eg hovudsakeleg drive med feltarbeid, men utanom har eg også fått væra med på LFI-dagen den 21.mars, eit seminar om utfordingane og moglegheitene for bevaring og restaurering av vassdrag og fjordnatur. Eg må innrømme at eg var litt nervøs i forkant av seminaret, sidan eg sjølv var blant foredragshaldarane. Eg skulle snakke om korleis eg oppfatta ferskvatn og vassdrag som tema gjennom studieløpet på universitetet. Tross nervøsiteten gjekk presentasjonen fint. Dei andre foredraga var interessante, og gav meg eit godt innblikk i fleire av prosjekta til LFI.

Aurlandselvi.

Veka etter var tida inne for feltarbeid i naturskjønne Aurland kommune. Arbeidet starta med rognplanting – som, kanskje ikkje overraskande, handlar om å plante rogn i elvegrusen. Aurlandselvi er eit regulert vassdrag med vasskraft, og på bakgrunn av påverknadane dette har på lokale fiskebestandar, er kraftverket pålagt å plante rogn for å styrke rekrutteringa til desse bestandane. Arbeidet blei utført av LFI og tilsette ved klekkjeriet til kraftverket, der me jobba i team etter følgande plan: ein person lokaliserer eit egna område og grev ei grop, ein andre person setter eit røyr ned i gropa og hell 2 dl rogn ned i røyret, ein tredje person hell ei bøtte med grovare grus helt rundt røyret, før det til slutt trekkast forsiktig opp. Dei resterande på teamet hadde ansvar for å spa/bæra grus. Eg fekk prøve meg på tømming av både rogn og grus, og ikkje minst bæring av grusbøtter – anbefalast dersom du e interessert i trena grepet ditt!

Rognplanting.

Det blei også føretatt undersøkelse av eggoverlevelse i fjor-årets gytegroper. Det gjekk ut på å finne gytegroper ved å grave etter rogn, for å så notere mengda levande og død rogn. Vasstemperatur i, og over gytegropa, samt vassdjup over gytegropa og gravedjupet ned til eggene blei også notert. Her fekk eg prøva meg på fleire oppgåver, som var kjekt, men når det kom til å grave etter rogn fant eg ingenting. Eg mangla truleg den sjette sansen dei meir erfarne i LFI hadde for å finne gytegroper.

Undersøkelse av eggoverlevelse i fjorårets gytegroper.

Å få væra med på feltarbeid i Aurland gav meirsmak , og eg føler meg no endå sikrare på at ferskvatn og vassdrag er noko eg vil fortsetta og arbeida med. I den samanhengen kan eg nemne at eg skal skrive masteroppgåve ved LFI til hausten, om langtidseffektane av habitattiltaket ripping i elv – noko eg er veldig glad for å ha fått moglegheita til. So langt i praksisperioden har eg fått brukt for kunnskap og ferdigheitar tileigna gjennom studieløpet, som databearbeiding, akademisk skriving, og lesing av fagstoff. Eigen kunnskap om aure, laks og ferskvatn har og komme godt med. Samtidig har eg også lært mykje nytt, og fått eit innblikk i den meir praktiske delane av fagfeltet.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *