Blogg 2/4: Førsteinntrykk og Fiskeslo ombord FF Kronprins Haakon!


FF Kronprins Haakon rett før avreise frå Longyearbyen. Dette mektige skipet er 100 meter langt, sju etasjar høgt og veg heile 9000 tonn! (Privat foto).

 

Hallo igjen!

Ca. ei lita veke har det gått so langt på yrkespraksisplassen min her på vene vakre FF Kronprins Haakon, sjølve rosinen i pølsa blant Havforskningsinstituttet sine forskningsfartøy! Akkurat no er vi litt søraust for Svalbard og bryt gjennom den tjukke havisen som ligge i dette området. Ein kan høyre skuringa frå isen som treff skroget rundt om i heile skipet, noko som for min del har vore ganske fin «white noise» når eg skal sove! Som nemnt sist deltar eg på HI sitt Vintertokt i Barentshavet, i havområdet hovedsakleg sør-aust for Svalbard, under den veldig smigrande og enn so lenge lite passande tittelen «scientist». Som studentar jobbar vi i skift 12 timar kvar dag fordelt på ein 8 timars vakt og ein 4 timars vakt etter ein 4 timars kvileperiode. Eg og min skiftpartner og medstudent Sondre begynner vakta vår 04:00, men sidan vi får både frukost- og lunsjpause (+ sjølvforsynt kaffi) innimellom går dette veldig fint. Det kan også nemnast att kokkane ombord er særs flinke, og det merkast på appetitten! Reker og sjøkreps til lunsj er ikkje dumt! (Red: Forfattar gjekk opp rundt 3 kilo i løpet av vintertoktet!) Ellers er det nokså lite fritid til anna, men eg tar meg tid til jobbing med andre fag for å holde meg oppdatert. Vi har også eigne lugarar(!) med eige bad og dusj (!!) der vi kan trekke oss tilbake viss det er behov, og både tilgang til både treningsrom og sauna(!!!). For å undedrive litt kjempegrovt: vi har det veldig komfortabelt ombord!

Til venstre: Tråldekket på båten. Utsetting, opptrekk og vedlikehald av trålposane blir gjort av egna mannskap, imens vi i labben berre ber fangsten inn i varmen, som ellers av mannskapet er dette særs flinke sjømenn som står store delar av arbeidsdagane sine ute på dekk i  mørket, kulda og røff sjø! All ære til dei som jobbar og driftar desse skipa!

 

Til høgre: Frå våtlabben. Teknikarar og studentar sortera dei ulike artane og sorterar ut dei meir sjeldne og kommersielt viktige fiskane frå resten av fangsten. Her har dyr som krabbar, skjel og sjøstjerne blitt sortert vekk, imens resten av fangsten, fisk og reker, blir igjen. Denne stasjonen hadde mykje djupvannsreker!

 

Men kva er det vi egentlig lærar og gjer frå vakt til vakt?

Hovedfokuset vårt på dette toktet er å undersøke vårt søksområde sin bestand av hyse og torsk, som blir med å danne grunnlaget for kvotene på fisket av desse artane i 2026.  Først må vi finne artane som blir tråla inn i båten ved hjel av botntrål og løfta inn i våtlabben. Trålinga skjer langs forhandsbestemte stasjonar, og mengden stasjonar per vakt kan variere ein del. I våtlabben skjer sortering av fangsten og dissekering av utvalde artar. I fangstar med store mengdar fisk blir dei mest tallrike og små artane (lodde, polartorsk og djuphavsreker etc.) ofte delt i fire ved å ta ein sub-sample og kun ta målingar av artane i denne fjerdedelen for å spare tid.  Kommersielt viktige artar som hyse, torsk, steinbit og uer blir alle telt og gjort målingar av, imens av mindre kommersielt viktige fisk blir det som regel berre tatt lengde og vekt- og lengdemålingar av eit mindre utval. Ein del av desse «mindre viktige» fiskane er i familier med fleire artar som er like kvarandre, slik som hjå ålekvabbene og ringbukane! Til desse familiane brukar vi spesielle nøklar og plakatar for å bestemme dei til rette arten, og ofte er det berre plassering av nasebor eller form på finnene som er forskjelen på desse! Etter vi har sortert artane etter art og antall, analyserer vi fangsten. For å gjere dette undersøkjer vi forskjellige trekk  både ved å måle fisken og studere enkelte organ. Hjå hyse og torsk målar vi lengde, vekt, kjønn, modningsfase, levervekt, gonadevekt og mageinnhold, sidan dette er dei viktigaste artane vi ser på. Ein annan viktig ting vi jobbar mykje med er otolittar! Dette er små, runde knoklane ein viktig del av balanseorgana til fisk, og kan fortelle oss mykje om alderen til fisk i ein populasjon! Desse øresteinane veks i nokså jamne ring-mønstre kvar vekstsesong, ganske likt årringar i tre, og utifrå desse ringane kan ein tolke ganske nøyaktig alder og kjønnsmodning. Vi som samlar desse ved å skjere nøyaktig , ofte bak augene til fisken, deretter plukkar vi dei ut med pinsettar og legg otolittane i små posar med relevant informasjon om fisken som art, trålstasjon, vekt og lengde. Desse posane blir så lagt inn i tørkemaskinar i ca. 24 timar, og deretter studert under mikroskop av teknikarane om bord! Dei undersøkjer og noterar data som alder, vekstsoner og andre data, og vi studentane hjelpar til ved å skrive ned desse datane i HI sitt internsystem S2D. Her blir også alle andre data frå fangstasjonane sendt inn frå dei elektroniske målebretta vi brukar, og vi dobbeltsjekkar desse datoane og gjer nokre utrekningar i systemet for å få fram datane skikkeleg!

 

Eg har kost meg veldig med arbeidsdagane til no, og eg reknar med dette blir endå kjekkare dess meir rutinert eg blir! Neste stopp, Smotthavet!

 

Den endelause islagte horisonten her i Barentshavet. Det er lite tegn til liv på overflata her, anna enn sjøfugl, sel og kvalross!

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *